Nye volontørar i Askvoll kommune

Askvoll - rom for eventyr! 

Kurs i Tankevirus

Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Grublar du mykje? Lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre? Vestland fylkeskommune arrangerer Tankevirus-kurs hausten 2024.

Landbrukseigedom og driveplikt

Når du eig eit jordbruksareal, har du som eigar ansvar for å forvalte det godt og sørgje for at det er i drift. Driveplikta gjeld for heile eigartida til forskjell frå buplikta som gjeld i 5 år.  Har du nyleg teke over ein eigedom med jordbruksareal, må du innan eitt år avgjere om du vil drive jorda sjølv eller få andre til å drive. Dette gjeld og for arvingar i eit dødsbu.  Jorda skal haldast i hevd, og hovudregelen er at alt jordbruksareal skal haustast årleg. Bruk av beitepussar aleine er ikkje tilstrekkeleg for å oppfylle driveplikta. Eigar er ansvarleg for å ha skriftleg avtale om utleige dersom han/ho ikkje driv jorda sjølv. Kommunen kan i visse tilfelle gje fritak frå driveplikta og frå kravet om 10 år leigekontrakt.

Behov for heimehjelparar i Værlandet og Bulandet

Helse- og omsorgetaten ynskjer å kome i kontakt med personar som ynskjer å vere heimehjelp.

Oppmoding frå Trygg Trafikk - Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar folk om å klippe hekkane i samband med skulestart.

Endringar i eFaktura-rutinar hos bankane

Har du ikkje fått eFaktura? 

Ny brannbil til Atløy depot

Brannsjefen gratulerer Atløy depot med ny brann og redningsbil! 

Ekstra høyring - val av meddommarar til jordskifteretten

Kandidat til jordskifteretten for perioden 2025-2028

Biblioteket er stengt 21. juni - 5. august 2024

Siste opningsdag på Askvoll bibliotek før sommaren vert torsdag 20. juni.

Tinging av skogbruksplan

Kommunen har i samarbeid med skogeigarlaga og AT Skog sendt ut tilbod til skogeigarar om å tinge ny oppdatert skogbruksplan med miljøregistering slik at eigedomen blir sertifisert til å omsette tømmer.  Tingingsfrist 25. juni 2024.