Revisjon av arealdelen

Askvoll kommune har starta arbeidet med å revidere arealdelen av kommuneplanen. Det vil seie at vi skal sjå på om noko av arealet i kommunen skal brukast på ein annan måte enn det vi har bestemt tidlegare. Her kan du lese om planarbeidet og korleis du kan medverke.

Arealdelen av kommuneplanen er ein plan som seier korleis vi skal bruke alle areala i heile kommunen, både på land og i sjø. Arealdelen som gjeld i dag vart vedteken i 2015. Askvoll kommune skal no revidere arealdelen.

Planprogrammet

Kommunestyret fastsette planprogrammet for planarbeidet i møte 14.02.24, sak KOM 012/24. Planprogrammet seier kva for tema ein skal sjå nærare på i planen, og korleis ein skal gjennomføre planarbeidet. Sjølve arealdelen skal utarbeidast ut frå det fastsette planprogrammet. I planprogrammet kap. 4 og 5 står hovudmålet med planarbeidet og dei viktigaste temaa vi skal sjå på.

Sjå planprogrammet. (PDF, 3 MB)

Framover vil styringsgruppa for planarbeidet og kommuneadministrasjonen arbeide med kunnskapsgrunnlag og ulike avklaringar som må på plass. Etter kvart vil vi arrangere folkemøte og involvere innbyggjarar og andre på ulike måtar, slik at vi får høyre korleis folk ønskjer at vi skal bruke areala i kommunen. Det står meir om korleis vi tenkjer oss medverknad i planprogrammet kap. 8.

Forslag til arealbruk

Dersom du har ønske om utbygging eller annan bruk av konkrete område, vil vi gjerne at du sender innspel om dette. Du kan sende inn innspel no, eller du kan vente til seinare. Det er førebels ingen frist for når du må sende innspel. Vi skal ma. ha folkemøte i krinsane og open kontordag etter kvart. Vi vil kunngjere seinare når det er endeleg frist for å komme med innspel.

Når du sender innspel er det viktig at det kjem tydeleg fram kva du vil at området skal brukast til. Dersom du til dømes vil at eit område skal nyttast til bustader, er det fint om du seier noko om kor mange bueiningar og kva type hus som kan vere aktuelt. Du bør òg opplyse korleis tilkomsten til arealet skal vere.
Du må òg få tydeleg fram kor området er, helst med ei klår avgrensing. Du kan td. lage ei kartskisse ved å bruke kommunen si kartløysing Kommunekart. (Trykk på Meny, deretter Tegn i kart)

Slik sender du innspel:

Spørsmål eller synspunkt

Dersom du har innspel, synspunkt eller spørsmål kan du kontakte kommunen når som helst i planprosessen. Dersom du tilhøyrer eit lag eller ein organisasjon som kunne tenkje seg meir informasjon og diskusjon, er vi opne for møte eller annan dialog. Ønskjer du ein samtale på telefon, kan du ringe kommunen på tlf. 57 73 07 00 og taste 2 for å bli sett over til Bygg- og eigedomsavdelinga, eller ringe direkte til den du ønskjer å snakke med. (Direktenummer finn du på kommunen sine heimesider.) Vi set over til rett person eller tek i mot beskjed og ringer tilbake seinare.

Vidare arbeid

Når kommunen har motteke alle innspela, skal kvart enkelt innspel konsekvensutgreiast, og styringsgruppa må vurdere om innspelet skal takast med i planen.

Når planen er ferdiglaga, vert han lagt ut til offentleg ettersyn, og alle har høve til å komme med merknader til planframlegget.

Det er kommunestyret som til slutt skal vedta den nye arealdelen.


Sjå fleire dokument i saka.

Sjå planarbeidet i kommunen sitt planregister arealplaner.no


Andre relevante dokument

Den arealdelen som gjeld i dag, vart vedteken av kommunestyret i 2015. Det er denne som no skal reviderast.
Sjå arealdelen av kommuneplanen, vedteken 2015.

Samfunnsdelen av kommuneplanen vart vedteken i juni 2023. Måla, strategiane og arealstrategien i samfunnsdelen er viktige føringar når vi skal utarbeide arealdelen.
Sjå samfunnsdelen av kommuneplanen, vedteken 2023.

Kommuneadministrasjonen utarbeidde i 2020 dokumenta «Utviklingstrekk – kunnskapsgrunnlag for kommunal planstrategi» og «Folkehelseoversikt for Askvoll kommune 2020-2023». Dokumenta viser utvalde utviklingstrekk og utfordringar i vår kommune. Desse dokumenta vart nytta som grunnlag for å utarbeide den kommunale planstrategien. Planstrategien for Askvoll kommune vart vedteken av kommunestyret 30.09.20 i sak KOM 058/20. Dokumenta var òg viktig grunnlag då samfunnsdelen av kommuneplanen vart utarbeidd.
Sjå kommunal planstrategi, kunnskapsgrunnlag og folkehelseoversikt frå 2020.

I løpet av 2024 vil kommunen utarbeide ny folkehelseoversikt, nytt kunnskapsgrunnlag og ny planstrategi. Desse nye dokumenta vil bli lagt til grunn i arbeidet med arealdelen, så snart dei er klare.

Kjersti Sande Tveit
Plan- og miljøvernleiar
Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 08
Liss Lien
Bygg- og eigedomssjef
E-post
Telefon 57 73 07 33