Grunnskuleopplæring for vaksne

Du som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt du ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 i Opplæringslova.

Reglar for rett til grunnskuleopplæring for vaksne:

For å ha rett til grunnskuleopplæring må du

  • vere over opplæringspliktig alder ( 16 år)
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring
  • ha lovleg opphald i Norge
  • ha behov for grunnskuleopplæring

Retten til grunnskule for vaksne gjeld og dei som har fullført grunnskulen, men som likevel treng meir grunnskuleopplæring. Retten er regulert i opplæringslova:

 

Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.

Søk grunnskuleopplæring for vaksne

Oddgun Keilegavlen Grane
Rektor
Askvoll skule
E-post
Telefon 57 73 33 02
Mobil 97 40 50 28