Fellesrådet er eit kommunalt råd som kan gje råd i og uttale seg om saker som vedrører dei eldre i og personar med nedsett funksjonsevne i kommunen.
Fellesrådet skal veljast av kommunestyret for valperioden. Rådet har 5 medlemmer med personlege varmedlemmer. To medlemmer av rådet skal veljast etter forslag frå pensjonistane sine interesseorganisasjon, og to medlemmer skal veljast etter forslag frå organisasjonane til menneske med funksjonsnedsetjing. Eitt medlem av rådet skal veljast blant kommunestyrerepresentantane.
Rådmannen peikar ut sekretariat for fellesrådet som kallar inn til møte etter avtalen med leiaren. Sekretariatet fører møtebok etter kommunen sine reglar for møtebøker i folkevalde organ.
Medlemmer fellesråd for eldre og menneske med funksjonsnedsetjing