HAFS barnevernteneste

HAFS Barnevernteneste har ansvar for barneverntenester i kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Barnevernstenesta held til på kommunehuset i Dale, Fjaler.
 

Barnevernet si hovudoppgåve

Hovudoppgåva til barneverntenesta er å bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår. Born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, skal få naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernområdet. Born som har særlege behov, skal først og fremst få hjelp i sin eigen heim. Dersom det ikkje er nok å gje hjelpetiltak i heimen, kan eit tiltak vere at barnet for ein periode bur i fosterheim eller institusjon. Barneverntenesta skal i slike tilfeller alltid undersøkje om det er mogeleg for barnet å bu saman med nokon i slekt eller i nettverket sitt.

Målgruppe

Barneverntenesta si målgruppe er born og unge i alderen 0 til 18 år og familiane deira. Når ungdomane samtykkjer kan tiltak som er sett i verk før fylte 18 år, oppretthaldast eller erstattast inntil ungdomen fyller 23 år.

Slik kontaktar du barnevernet

Krisesituasjonar - her kan du ringe utanom arbeidstid

Interkommunal barnevernvakt utanom vanleg arbeidstid, telefon 474 57 272

Vaktordninga er felles for kommunane Sunnfjord, Kinn, Bremanger, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste arbeidsdag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak vil gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

I krisesituasjonar kan du også ringe Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111 (gratis) som er ein naudtelefon for barn og unge.

Melding til barneverntenesta

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding til barneverntensta. I nokre tilfelle vil det og vere aktuelt med ein søknad om tiltak. Private, t.d. familie, vener og naboar, kan og melde bekymring til barneverntenesta.

Bekymringsmelding frå privatpersonar

Bekymringsmelding for offentlege tilsette

Barneverntenesta skal snarast, og seinast innan ei veke, gjennomgå innkome meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar. Undersøking skal starte opp dersom det er rimeleg grunn til å tru at det er behov for hjelpetiltak. Meldinga skal leggjast bort dersom den er openbar grunnlaus og/eller dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte.

Informasjon om barnevernet i Norge

HAFS interkommunale barnevernteneste
Barnevern
E-post
Telefon 57 73 80 00