Arbeidsmiljøutvalet

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) er eit krav etter Arbeidsmiljølova. AMU skal m.a. ta del i planlegging og fylgje med i tilhøva for dei tilsette innan helse, miljø og sikkerheit (HMS).

Korleis melde saker til arbeidsmiljøutvalet (AMU):

Alle tilsette har mogelegheit til å melde inn saker dei ønskjer skal handsamast i AMU. Aktuelle saker kan sendast til utvalet sin sekretær ved å fylle ut skjemaet under.

Saker som skal handsamast må vere meldt til utvalet sin sekretær seinast 10 dagar før møtedato. Dersom fristen er for kort, kjem saka di opp til påfølgjande møte.

Meld inn sak til AMU

Kva saker kan eg som tilsett melde frå om?

Dersom du har spørsmål, innspel eller synspunkt om ei sak som kjem inn under eitt eller fleire av punkta under, legg du inn sak om dette til AMU ved å klikke på lenka over.

Det er ei føremon at du tek opp det du ønskjer å få handsama med verneombodet på din arbeidsplass og/eller næraste leiar før du eventuelt sender sak til AMU. Når du melder sak må du få med all relevant informasjon for at utvalet skal kunne vurdere om det må hentast inn meir informasjon, om tiltak er naudsynt eller om saka må sendast vidare til leiar/eigar av problemstillinga for oppfølging.

Lovpålagde oppgåver som AMU handsamar er:

  • Spørsmål som vedkjem bedriftshelsetenesta og vernetenesta.
  • Spørsmål om opplæring og instruksjon på område som kan ha betyding for arbeidsmiljøet.
  • Planar om nye lokalar, prosessar eller ombyggingar som krev samtykke frå Arbeidstilsynet.
  • Andre planar som kan få vesentleg betyding for arbeidsmiljøet, som nye maskiner, rasjonaliseringstiltak, endringar i arbeidsprosessar og førebyggande vernetiltak.
  • Delta aktivt i Askvoll kommune sitt helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. Gje råd i samband med kartleggingar og utarbeiding av handlingsplanar, og gje råd i høve prioriteringar og tiltak.
  • Vurdere helse- og velferdsaspekt ved arbeidstidsordningar.
  • Gjennomgå alle rapportar om ulykker, nestenulukker og sjukdom som kan skuldast arbeidsmiljøet. Ha søkjelys på årsak til hendinga og sjå til at arbeidsgjevar gjere det som er nødvendig for å hindre at det skjer igjen.
  • Gjennomgå alle rapportar om yrkeshygieniske undersøkingar og måleresultat.
  • Handsame spørsmål om tilrettelegging for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne jf. AML §7-2 og § 4-6).
  • Utarbeide ein årsrapport om arbeidet i utvalet.
  • AMU skal orienterast om kommunen sitt budsjettforslag før dette vert lagt fram for politisk handsamin
  • Samordne HMT-arbeidet i Askvoll kommune og legge føringar for arbeidet innanfor kvart verneområde, som f.eks. sørge for at det er HMS grupper i kvart verneområde.
  • Opprette eventuelle underutval der det er nødvendig, eks; IA og AKAN arbeid. I Askvoll er det leiar med personalansvar som er hovudansvarleg for arbeid med rusmiddelspørsmål blant tilsette.
  • Utarbeide overordna årshjul/handlingsplan for HMS-arbeidet. Denne vert utarbeidd med bakgrunn i overordna rullerande HMT-plan som er vedteken skal gjelde i Askvoll, og nedfelt i kommunen si HMT-handbok.
  • Sjå til at alle verneområde har rutinar for informasjon til alle tilsette om AMU si rolle og funksjon, og kvar ein finn informasjon om HMT-arbeidet i kommunen.

 

Medlemmar i AMU

AMU - faste medlemmar frå arbeidsgjevarsida
Faste medlemmar frå arbeidsgjevarsida Vara
Tova Kjæmpenes (HR-sjef/utvalsekretær) Martin Lundgård - kommunedirektør
Kristen Holt (kommunalsjef oppvekt) Oddgun K. Grane (Rektor Askvoll skule)
Sara Osland (kommunalsjef helse og omsorg) Lillian Vårdal (assisterande kommunalsjef)
AMU - faste medlemmar frå arbeidstakarsida
Faste medlemmar frå arbeidstakarsida Vara 1 Vara 2
Marte Berge Holmelid (Hovudtillitsvald Fagforbundet) Hege Vilnes (Hovudtillitsvald Fagforbundet) Torgunn Kvellestad (Hovudtillitsvald FO)
Anne Kari Iversen ( Hovudtillitsvald Utdanningsforbundet) Aud Eli T. Herland (hovudtillitsvald Delta) Sissel Heggheim (Hovudtillitsvald sjukepleiarforbundet)
Aleksander Ask (Hovudverneombod, leiar for AMU inneverande periode) Hanne Marie Solheim Frøholm (vara hovudverneombod)
AMU - eksterne medlemmar
Eksterne medlemmar som deltek friviljug
Solrunn Frøholm Senneset (Avonova bedriftshelseteneste)
Cecilie Brændmo Dahlgren (NAV arbeidslivssenter)