Næringsfond

Kommunalt næringsfond og kommunalt tilskot til nærings- og infrastrukturretta tiltak. 
 

Kommunalt næringsfond

Det kommunale næringsfondet er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke og utvide lokalt næringsliv og arbeidsmarknad, samt gjere Askvoll kommune til ein meir attraktiv kommune å bu og arbeide i.

Kva kan du søkje om støtte til? 

  • Investeringstilskot. Det kan søkast om støtte til investering i bygg, maskiner og utstyr. Tilskotsprosenten er frå 0-30 % av totalkostnaden til investeringsprosjektet, på inntil 500 000 kr:
  • Bedriftsutviklingstilskot. Det kan søkast om tilskot til utviklingskostnadar, både ved etablering og utvikling av verksemd. Til dømes kan dette gjelde utgreiing, opplæring/kompetanseheving, planlegging,  marknadsavklaring, profilering og produktutvikling). Tilskotsprosenten er frå 0-50 % av totalkostnaden i prosjektet, på inntil 200 000 kr.
  • Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur. Det kan gjevast tilskot til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser og utgreiingar. Tilskotsprosenten er inntil 100 % av totalkostnadane i prosjektet, utan øvre beløpsgrense.
  • Arrangementstøtte. Tilskot til arrangement som har som mål å marknadsføre kommunen og regionen, utvikle næringslivet i kommunen eller profilere fleire verksemder i kommunen og regionen på ein større marknad. Tilskotsprosenten er inntil 100 % av totalkostnadane i prosjektet, utan øvre beløpsgrense.

Vilkår og retningsliner

Les meir om vilkår for støtte og føremål for ordninga i vedtektene for det kommunale næringsfondet.  (PDF, 118 kB)

Søknaden bør innehalde følgjande:

Om prosjektet
Ein forretningsplan/prosjektplan med ei god beskriving av prosjektet. Det må gå klart fram av søknaden kva tilskotet er tenkt til og kva som er ønskt resultat. Prosjektplanen bør syne tidsfristar, aktivitetar og målsettingar/resultatmål. 

Kva skal prosjektet føre til?
Få fram viktige positive forhold. Potensial for sikre eller skape nye arbeidsplassar bør synleggjerast i søknaden. Kva betyding har prosjektet for utvikling av den aktuelle sektoren eller for utviklinga av verksemda? 

Økonomi
Ein tidsfesta kostnads- og finansieringsplan, gjerne med margin for mogeleg usikre moment. Kostnadsbudsjettet skal ha samsvar mellom kostander, aktivitetsplan og ressursbruk. 
Etablerte bedrifter bør leggje ved siste års rekneskap og budsjett for inneverande år. Om du har mottatt offentlig støtte dei siste tre åra må det leggast ved oversikt. Ein skal gje informasjon om mottatt bagatellmessig støtte siste 3 år.

Om søkjaren
Namn, bedriftsnamn, adresse, organisasjonsnummer, e-post og telefon. Ta med annan informasjon som er relevant for søknaden. Slik som relevant kompetanse, erfaring og ressursar som verksemda sit på. 

Vurdering av søknader:

I vurderinga av prosjektet blir det lagt vekt på marknaden, konkurrentar, sysselsetting, lønnsemd, verdiskapingspotensiale og om støtte frå kommunen har ein utløysande effekt for prosjektet. I tillegg vert kostnads- og finansieringsgrunnlaget vurdert. Personleg fagleg/praktisk kompetanse, gjennomføringsevne og økonomi, samt om tiltaket samsvarar med dei kommunale planene, vil òg kunne bli vektlagt.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist om støtte frå næringsfondet. Søknader vert handsama fortløpande av næringsfondstyret med tilbakemelding innan fire veker.  

Slik sender du inn søknad:

  1. Gå inn på nettsida www.regionalforvaltning.no
  2. Trykk på “Registrer privat søker” og lag eit brukarnamn og eit passord
  3. Trykk på “Ny søknad”
  4. Vel støtteordning "Kommunalt næringsfond Askvoll kommune"
  5. Skriv inn ein beskrivande "Søknadstittel"
  6. Trykk på "Opprett ny søknad"
  7. Fyll inn tekst i alle felta. Hugs å trykke på "Lagre og neste" mellom kvar gong.
  8. Last opp relevante vedlegg. Desse må du ha gjort klare på førehand. Eksempel: Rekneskap, investeringsbudsjett og forretningsplan.
  9. Hugs å trykke på "Send inn søknad" når du er ferdig med søknaden. 

Ta gjerne kontakt med næringskontoret før du sender inn søknad.

Kommunal støtte til næringsføremål

Storleiken på støtteordninga blir fastsett av kommunestyret årleg gjennom budsjettvedtak. Ordninga blir finansiert med 30% av inntektene frå eigedomsskatt frå verk og virke og anna næring, medan midlar ut over dette blir finansiert ved bruk av konsesjonsavgiftsfondet.

Støtte frå tilskotsordninga skal nyttast til finansiering av:

  • Næringsretta tiltak som ikkje vert finansiert gjennom det ordinære kommunale næringsfondet. 
  • Kommunal eigenfinansiering av infrastrukturretta tiltak som breiband- og mobilutbygging.
  • Planleggsarbeid av nye driftsbygningar innan landbruksnæringa som ikkje vert finansiert gjennom landbruket sine ordinære tilskotsordningar. Inntil 50 000 kr av den totale ramma er øyremerka planleggingsarbeid.

Vilkår og retningsliner:

Les meir om vilkår for støtte og løyvingsføremål i vedtektene for tilskotsordninga.  (PDF, 900 kB)

Slik kan du søkje:

Søknad om tilskot frå ordninga kan sendast til Askvoll kommune, Askvollvegen 426A, 6980 Askvoll, eller til postmottak@askvoll.kommune.no. Det er ingen søknadsfrist, og søknader kan sendast inn fortløpande.  

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75