Høyring: Lokal forskrift om skulefritidsordninga (SFO) i Askvoll kommune

Askvoll kommune har utarbeidd eit høyringsutkast til lokal forskrift om skulefritidsordninga (SFO) ved dei offentlege skulane i kommunen. Høyringsfrist er 28. november 2025. I

Forskrifta er heimla i opplæringslova § 4-5, femte ledd, og skal regulere rammer og innhald for SFO-tilbodet før og etter skuletid.

Forskrifta inneheld reglar om:

  • eigarforhold
  • opptaksmyndigheit og -kriterium
  • opptaksperiode og oppseiing
  • foreldrebetaling
  • leike- og opphaldsareal
  • dagleg opphaldstid og årleg opningstid
  • personale og leiing

Tilbodet gjeld for elevar på 1.–4. trinn, samt for elevar med særlege behov på 1.–7. trinn. Det vert også opna for fritidstilbod på dagar utan ordinær undervisning, dersom det er tilgjengeleg bemanning og nok påmelde.

Forskrifta skal vedtakast i kommunestyret etter høyring og vil deretter bli kunngjort på Lovdata.

Høyringsbrev - lokale forskrift om skulefritidsordninga (SFO) i Askvoll kommune. (DOCX, 35 kB)

Utkast til forskrift om skulefritidsordninga i Askvoll kommune (DOCX, 45 kB)

Send inn høyringsinnspel

Askvoll kommune ønskjer innspel frå innbyggjarane før saka vert politisk handsama. Høyringsfrist er 28. november 2025. Innspel som kjem etter denne datoen vil ikkje bli vurdert.

Du kan sende høyringsuttale:

  • via elektronisk skjema for høyringsuttale
  • per e-post til postmottak@askvoll.kommune.no
  • per post til Askvoll kommune, Askvollvegen 426A, 6980 Askvoll
Kristen Holt
Kommunalsjef oppvekst
Oppvekstetaten
E-post
Telefon 57 73 07 21
Mobil 99 44 60 68