Utskriving av eigedomsskatt 2026 og fakturering av kommunale avgifter

I samsvar med eigedomsskattelova §15 vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker, f.o.m. 02.02.2026 kl. 15:00. 

Ved ein feil er skattesetlane skrive ut med dato 31.01.2025. 
Korrekt årstal er sjølvsagt 2026, vi beklagar dette.  All anna informasjon i skattesetlane er korrekt. 

Her kan du sjå skattelista:

(Vert publisert kl. 15:00, 02.02.2026)

Eigedomsskattelista ligg òg i resepsjonen på rådhuset i Askvoll frå kl. 15:00

Les meir om eigedomsskatt i Askvoll

Fakturering

Eigedomsskatt vert fakturert saman med andre kommunale avgifter.  Årleg eigedomsskatt under kr. 300 vert ikkje fakturert. 

Dersom du har samla årlege kommunale avgifter under kr. 1200 på ein eigedom vert dette fakturert i si heilheit ved fyrste fakturering i januar 2026.

Døme: Eigedomsskatt + feiing = kr. 1000 for 2026-> heile beløpet kjem på faktura i februar og du vil ikkje få fleire faktura for 2026.

Fritak for eigedomsskatt 2026

Fritak for eigedomsskatt for bustadhus vart endra i 2025. Det vert gjeve fritak for nye bustadhus i eit år etter ferdigattest for skatteåret 2026. 

Det vert framleis gjeve fritak ihht. §7a og §7b i eigedomsskattelova. Dette gjeld eigedomar til ideelle organisasjonar og stiftingar og fritak til historiske bygg, begge er etter liste som er vedteke av kommunestyret. Ein kan søke om fritak for eigedomar som du meiner høyrer til i desse kategoriane men som ikkje har fått fritak. 

Søknadsskjema fritak finn du her


Klageadgang

Eigar kan klage på grunnlag for eigedomsskatt kvart år dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Dette fylgjer av eigedomsskattelova §19.

Slik kan du sende inn ei eventuell klage:

Skjema for klage på eigedomsskatt

per e-post til eskatt@askvoll.kommune.no

eller per post til Askvoll kommune, eigedomsskattekontoret, Askvollvegen 426A, 6980 Askvoll

Frist for klage for skatteåret 2026 er 17.03.2026. 

Dersom du har spørsmål om eller klage på formuesverdi så må du ta kontakt med skatteetaten på telefon 800 80000. 
Sjå denne artikkelen for meir info om endring av formuesverdi.

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11
Øivind Helle
Ingeniør
Teknisk drift / Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 30