Denne informasjon gjeld deg som står registrert som heimelshavar på fast eigedom i Askvoll kommune.
Bakgrunn:
Kommunestyret har vedteke å innføre eigedomskatt på alle faste eigedomar i heile kommunen frå 2015. Eigedomskatten vil bidra til å oppretthalde tenestenivået i kommunen.
Det er kommunestyret som skriv ut eigedomsskatt. Eigedomsskatt er den einaste skatten som kommunen har full råderett over og som i sin heilheit går til kommunen. Kommunestyret i Askvoll har òg vedteke å nytte skatteetatens formuesverdi som grunnlag for å skrive ut skatt for vanlege bustadeigedomar. Desse eigedomane skal ikkje synfarast. Kommunen skal sjølv taksere eigedomar utan formuesverdi, m.a. våningshus/kårhus, fritidsbustad og næringseigedom.
Kommunestyret fastset kvart år i høve budsjetthandsaminga kva eigedomar skatten skal skrivast ut på og kva satsar som gjeld. Skattesatsen må vere mellom 1 og 7 promille. Fyrste året ein skriv ut kan ein berre skrive ut på 1 promille, deretter kan satsen aukast med 1 promille pr år. Promille på bustad- og fritidseigedomar kan vere maks 4.
Fritak:
Kommunen kan etter lova frita eigedomar for eigedomsskatt og innføre botnfrådrag for bustader og fritidsbustader. Desse fritaka må gjerast kvart år i høve budsjettvedtaket.
Kommunestyret har friteke eigedomar som kjem innunder §7a og b i eigedomsskattelova, t.d. grendahus og bygningar med historisk verdi.
Kommunestyret har frå 2025 vedteke å frita bustader i året etter ferdigattest.
For skatteåret 2025 er det fritak for nye bustadar med ferdigattest i 2024.
*Kommunestyret i Askvoll har tidlegare hatt fritak for nye bustader i 10 år òg ein kunne søke om fritak for eigedomsskatt dersom ein rehabiliterte bustad for minimum NOK 1.500.000,- i løpet av tre år med ferdigstilling. Dette fritaket er ikkje vedteke for 2025 og fell dermed bort.
Dette vil sei at bustader som er oppført i t.d. 2020 ikkje har fritak for eigedomsskatt i 2025. Det same gjeld bustader som tidlegare har fått fritak etter søknad om rehabilitering for meir enn NOK 1.500.000.
Taksering:
Eigedomen sin verditakst dannar grunnlaget for skatteberekninga.
Eigedomsskattelova §8:
«Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal»
Eigedomsskattetaksten vert basert på faktaopplysningar om eigedommen. Faktaopplysningar om eigar, adresse, areal på tomter blir henta frå offentlige register (Matrikkelen).
Bustadeigedomar og formuesverdi
Eigedomar med formuesverdi frå Skatteetaten vert ikkje synfara av kommunen. Dette gjeld i all hovudsak leilegheiter og bustadhus som ikkje er knytt til landbruk. For primærbustad kan ein finne formuesverdien ved å multiplisere likningsverdien frå skattemeldinga med fire (døme: likningsverdi = 250.000, formuesverdi= 250.000 * 4 = 1.000.000). Likningsverdien til sekundærbustad er 100% av formuesverdien. Formuesverdien vil ein òg kunne finne på den førebelse skattemeldinga.
Kommunen får alle verdiar direkte frå skatteetaten. Vi har ikkje høve å endre på noko eller gjere individuelle tilpasningar på eigedomane. Alle spørsmål om formuesverdi må rettast til Skatteetaten.
Dersom du er ueinig i formuesverdien for bustaden din må du ta kontakt med Skatteetaten. (Tlfnr. 800 80000)
Bustadhus utan formuesverdi vert synfara og taksert av kommunen.
Våningshus/kårhus:
Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk har etter eigedomskattelova obligatorisk fritak for eigedomsskatt. Dette gjeld likevel ikkje våningshus, fritidsbustad og anna næringsbygg på landbrukseigedommar. Desse bygningane vil bli synfara av kommunens synfaringspersonell.
Fritidsbustader:
Dette er skattepliktige eigedomar som vil bli taksert og skattelagt. Desse bygningane vil bli synfara av kommunens synfaringspersonell.
Næring:
Næringseigedomar er skattepliktige eigedomar som er taksert av innleigd takseringsbyrå og / eller kommunens synfaringspersonell.
Garasje, naust, tomter og anna
Kommunestyret har vedteke å skrive ut eigedomsskatt på alle eigedomar i Askvoll kommune.
Eigedomar med t.d. naust, garasje og tomter utan bygg vil og vere gjenstand for eigedomsskatt etter fastsette takstar.
Synfaring:
Alle eigedomar i Askvoll kommune, med unntak av eigedomar med formuesverdi, skal synfarast.
Som ein del av grunnlagsarbeidet vil det for kvar enkelt skattepliktig eigedom bli føreteke ei utvendig synfaring. Synfaringa vil bestå av utvendig oppmåling samt at det vil bli tatt bilete av bygningen. Areal som blir målt opp er bygningens bruksareal (BRA) som grovt sett er arealet innanfor ytterveggane på bygningen. Arealet blir målt for kvar etasje i bygningen. Etasjane blir gruppert i kjellaretasje, underetasje, hovudetasje og loftsetasje. Sjå matrikkellova for meir info om dette.
Synfaringsmedarbeidarane er ikkje avhengig av at eigar er tilstade under synfaringa. Dersom du likevel ynskjer å være tilstade under synfaringa eller ynskjer å kome med innspel, må du gje oss beskjed om dette snarast råd etter at du har motteke varsel om synfaring.
Sakkyndig nemnd og klagenemnd:
Sakkyndig nemnd og klagenemnd er valde av kommunestyret. Det er sakkyndig nemnd som fastset takstgrunnlaget for den enkelte eigedom. Eventuelle klager på takst skal handsamast av sakkyndig nemnd og klagenemnd.
Informasjon frå synfaring av eigedommane vil saman med kommunens eigne retningslinjer for taksering danne grunnlag for utskriving av eigedomsskatt.
Retningsliner for taksering:
Kommunens eigne retningsliner er vedteke av sakkyndig nemnd og du kan finne dei her. (PDF, 268 kB)
Offentlig ettersyn:
Liste med takst og utrekna eigedomsskatt vil bli lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker etter utskriving av eigedomsskatten.
Du vil få tilsendt informasjon om taksten på eigedomen din og eigedomsskatten du skal betale, i tillegg til informasjon om takseringsgrunnlaget og orientering om dine rettigheiter til å klage på takst/skatt.
Kontaktinformasjon:
Spørsmål og kommentarar i høve innføring av eigedomsskatt, kan sendast i e-post til eskatt@askvoll.kommune.no, eller i brev til:
Askvoll kommune
v/ Eigedomsskattekontoret,
Pb 174
6988 Askvoll
Du kan òg nå oss på telefon 577 30 711 / 577 30 700.
Meir informasjon vil etter kvart bli lagt ut på kommunes heimeside.
For informasjon eller klage på likningsverdi – ta kontakt med skatteetaten:
Tlfnr: 800 80000 - www.skatteetaten.no