Søk om barnehageplass

Du kan søke om barnehageplass heile året, men vil du ha plass frå august må du søke innan 1. mars.

Slik søkjer du om barnehageplass

  • Du søker på same plass for alle barnehagane i Askvoll kommune
  • Du søkjer barnehageplass gjennom Visma Flyt Barnehage sin føresetteportal, der loggar du inn med elektronisk ID via ID-porten.

  Søk om Barnehageplass i Visma Flyt barnehage

Kven har rett på barnehageplass?

  • Barnet må vere fylt eit år innan utgangen av november
  • Det må vere søkt om barnehageplass innan 1. mars 

 

Vedtektene for barnehagane i Askvoll kommune har informasjon om opptakskriteria, og dei finn du her:

Vedtekter for barnehagane i Askvoll kommune frå og med 1.jan -24

Her kan du finne meir informasjon om barnehagane i Askvoll kommune:

 Barnehagar i Askvoll kommune