Smil-midlar 2024

Søknadsfrist for tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er 1. april 2024
Dette er midlar som er løyvd frå jordbruksavtalen og skal gå til tiltak utover vanleg landbruksdrift.  (Foto: Kjell Horne)

Kjell Horne

For å kunne søke må du enten sjølv drive aktivt landbruk og søke produksjonstilskot, eller vere eigar av ein landbrukseigedom der areala er leigd ut til ein aktiv gardbrukar. Dersom du søkjar om Smil midlar på leigeareal må du ha godkjenning av eigar til tiltaket. 

Døme på tiltak: Beiterydding av gamal, attgrodd kulturbeite i utmarka, erosjonssikring av matjord ved steinsetting av kanal, gjerding av gamal kulturmark, i istandsetting av steingardar og bakkemurar, tak over eksisterande gjødselsilo, utvendig restaurering av verneverdige bygg.

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket, søknadsskjema og anna info

Overordna lokale retningslinjer for perioden 2021 - 2024

Tilskotsordningar i jordbruket
 

Liv Synnøve Andersen
Rådgjevar landbruk
E-post
Telefon 57 73 07 38