Offentleg høyring - Forskrift om godtgjersle til folkevalde i Askvoll kommune 2023-2027

Askvoll formannskap vedtok i møte 26.06.2023 å legge ut forslag til forskrift om godtgjersle til folkevalgte i Askvoll kommune på høyring.

Formannskapet vedtok i sak 073/23 følgjande vedtak:

Forskrift om godtgjersle til folkevalde, Askvoll kommune, Vestland vert lagt på ut til offentleg høyring med høyringsfrist 11.august 2023. Forskrifta skal gjelde frå 01.10.2023.

Det vert gjort følgjande endringar i forskrifta:

  • Varaordførar si godtgjersle vert sett til 10% av ordførar si godtgjersle
    • Dette inkluderar vervet som leiar i administrasjonsutvalet 
  • Det vert ikkje ytt fast godtgjersle for kommunen sin representant i soknerådet
  • Det vert ikkje ytt fast godtgjersle til leiar i sakkunnig nemnd eigedomsskatt
  • Det vert ikkje ytt fast godtgjersle til leiar i klagenemnd eigedomsskatt
  • Leiar i valnemnda får ei fast godtgjersle på 1 % av ordføraren si godtgjersle

Tal formannskapsmøter vert avgrensa til maksimalt 18 per år.

Saksframlegg

Forslag til forskrift om godtgjersle til folkevalde i Askvoll kommune 2023-2027 (DOCX, 19 kB)

Slik sender du innspel:

Du kan sende inn merknad til høyringa

Høyringsuttale sendast Askvoll kommune seinast 11.08.2023