Offentleg ettersyn- verksemdplan for veg 2025

Verksemdplan for veg er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 1 oktober - 26 oktober

Verksemdsplan for veg er ein revisjon av Hovudplan for veg frå 2002. Mykje er nytt i årets planforslag. Hovudutfordringa til Askvoll kommune er at det ikkje er tilstrekkeleg økonomi til å halde dagens kommunale veg til ein akseptabel standard. Kommunen må i tillegg justere ned driftsnivået på alle område for å kome i balanse. 

I den nye planen følg vi og arealstrategien i kommuneplanen sin samfunnsdel, ved at ein har avgrensa tettstadene geografisk. Vi har og nytta omgrepet samleveg for å ta i vare ynskje om å legge til rette for spreidd busetnad utanfor tettstadene. Etter veglova skal veg som driftast av det offentlege vere tilgjengeleg for ålmenta. Offentlege funksjonar som vert stetta er skildra i planen.

I dag er det vel 85 km med kommunal veg, planen rår til å redusere dette til vel 48 km. Medan den gamle hovudplan for veg la vekt på kriteria for å avgjere kva som skulle vere kommunal veg, har vi i den nye planen valt å ta utgangspunkt i kva funksjonar kommunal veg bør stette.

Mange grunneigarar kjem til å bli røyrd av planen, og kommunen kjem til å ta kontakt med kvar einskild. 

Sjå dokument i saka

Sjå saksframlegg til saka

Verksemdplan veg 2025

Vedlegg 1 - verksemdplan veg 2025 (XLSX, 49 kB)

Vedlegg 2 - kommunale vegar tilrådd omklassifisert/nedlagt 

 

 

Slik sender du innspel

Knut Helge Olsen
Kommunalsjef samfunn og teknikk
Samfunn og teknikk
E-post
Telefon 57 73 07 26