Kommune- og fylkestingsvalet 2023: tidlegrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen eller i den ordinære perioden for førehandsrøysting (10. august til 10. september) kan du frå 3. juli til og med 9. august kontakte Askvoll kommune for å avtale tid for å røyste.

Slik avtaler du tid for å røyste:

I Askvoll kommune kan du tidlegrøyste etter avtale på Askvoll rådhus kvardagar i perioden 3. juli til 9. august 2023.

For å avtale tidlegrøysting kan du ta kontakt med Askvoll kommune ved å ringe 57 73 07 00 (tasteval 1) eller sende e-post til postmottak@askvoll.kommune.no.

Anna informasjon om røysting:

Hugs legitimasjon når du skal røyste.

Før valdagen kan du røyste i kva som helst kommune i landet. På valdagen må du røyste i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni. Du kan berre røyste ein gong.

Meir informasjon om kommune- og fylkestingsvalet 2023 finn du på våre nettsider om valet