Bli frivillig til matlevering

Heimlevering av middagar er eit servicetilbod i Askvoll kommune. Frivilligsentralen koordinerar frivillige for utkøyring av ferdigpakka middag frå Askvollheimen til heimebuande. Bli frivillig til eit meiningsfylt oppdrag!

Alle som har lyst til å være frivillig og føler at dette er meiningsfylt kan bli matutkøyrar. Som matutkøyrar hentar du kommunal bil ved heimetenesta og deretter ferdigpakka mat ved kjøkken på Askvollheimen. Utkøyringa føregår i vekedagar, mellom 12:00 - 15:00 og kan ta frå ein til tre timar avhengig av ruta som køyrast. 


Heile ruta er strekningane Askvoll - Rivedal og Stongfjorden - Kvammen, det er også mogeleg med halv rute. Du kan gjere det som passer best for deg (velje ein dag eller vere ringevikar). Som matkøyrar får du dekka køyregodtgjersle frå Askvoll kommune og opplæring før oppstart. 


Meld deg som frivillig til matlevering! 
Tel til Frivilligsentralen: 908 48 627 eller på e-post: vlada.fristad@askvoll.kommune.no

 

Om du vil lese meir om sjølve matordninga kan du trykke her.  
 

Vlada Fristad
Leiar
Askvoll frivilligsentral
E-post
Telefon 57 73 46 22
Mobil 90 84 86 27