Matombringing

Matombringing er tilbod om middag levert i heimen. Tilbodet er til deg som ikkje kan lage eller varme deg ferdiglaga middag sjølv.

Slik søkjer du:

Du kan søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)


Du kan òg ta direkte kontakt med kjøkkenet på telefon: 959 25 165. Om du har kontakt med heimetenesta frå før, kan også dei hjelpe deg med dette.
 

Kva får du?

Middagen vert laga av kjøkkenet på Askvollheimen og levert ut av heimetenesta dagleg. Måltidet inneheld god og næringsrik kost fordelt over hovudmåltid, samt dessert eller suppe.

 

Kva kostar det?

Matombringing: betalingssatsar
Porsjon Pris
Stor porsjon Kr. 102
Liten porsjon Kr. 75
Graut/suppe m.m. Kr. 42

Prisane kan regulerast av kommunestyret per 1. januar kvart år. Matombringing er ikkje ei lovpålagt teneste, men ei teneste kommunen veljer å tilby innbyggjarane i kommunen.