Praktisk informasjon

 

Barnehagen sitt samfunnsmandat er å tilby barn under opplæringspliktig alder eit omsorgs- og læringsmiljø som er til det beste for barnet. Den skal både vere ei pedagogisk verksemd og eit velferdstilbod for småbarnsforeldre. Barnehagen skal støtte og ta omsyn til det einskilde barn, samstundes som omsynet til fellesskapet skal takast i vare.

Opningstider

Røverompa barnehage er open 12 månader i året. Barnehagen er stengt i alle helgar og høgtidsdagar. Den daglege opningstida er 07.15 til 16.45

Dagsrytme

Levering og henting

Når du leverer eller hentar barnet, må du hugse å seie frå til ein i personalgruppa. 
Gi beskjed til barnehagen dersom nokon andre enn foreldra skal hente barnet. 

Måltid

Barnehagen serverer frukost, lunsj og frukt.  
Når barn har bursdag, får bursdagsbarnet velge kva varmmåltid dei vil ha. 

Matpengar

100% plass:  kr 400,- pr mnd 
80% plass:    kr 320,- pr mnd 
60% plass:    kr 240,- pr. mnd 
40% plass:    kr 160,- pr mnd 


Ofte stilte spørsmål