Praktisk informasjon

Opningstider

Barnehagen er open måndag - fredag kl 06.45-15.45. Tida er tilpassa etter ferjene. 

Barnehagen er stengt i romjula, yrkedagane i påskeveka og tre veker om sommaren.

 

Dagsrytme

 

Dagsrytme på avdelinga

 

06.45 Barnehagen opnar
08.15  Felles frukost
09.30  Samlingsstund
Aktivitet/temarbeid
11.15  Lunsj
Frileik ute/inne
14.15  Frukt m.m
15.45  Barnehagen stenger

Alle tider er ca. tider, utanom opning- og stengetider.  Vi går ut i frå denne dagsrytmen, men det finst mange variasjonar alt etter vertilhøve og korleis dagen elles utviklar seg.


Levering og henting

Når du leverer eller hentar barnet, må du hugse å seie frå til ein i personalgruppa. 
Gi beskjed til barnehagen dersom nokon andre enn foreldra skal hente barnet. 

 

Måltid

Barnehagen serverer frukost, lunsj og frukt.  
 

Matpengar

100% plass:  kr 410,- pr mnd 
80% plass:    kr 330,- pr mnd 
60% plass:    kr 250,- pr mnd 
40% plass:    kr 160,- pr mnd 

 

Ofte stilte spørsmål