Praktisk informasjon

Presentasjon og praktisk informasjon

Barnehagen sitt samfunnsmandat er å tilby barn under opplæringspliktig alder eit omsorgs- og læringsmiljø som er til det beste for barnet. Den skal både vere ei pedagogisk verksemd og eit velferdstilbod for småbarnsforeldre. Barnehagen skal støtte og ta omsyn til det einskilde barn, samstundes som omsynet til fellesskapet skal takast i vare.

Opningstider

Holmedal barnehage er open 11 månader i året. Barnehagen er stengt i alle helgar og høgtidsdagar. Den daglege opningstida er 07.15 til 16.30. 

Dagsrytme

Hovudtrekk ved dagsrytmen:
 

07.15 Barnehagen opnar
08.00 - 0830: Frukost for dei som ønskjer det


Småbarnsgruppa (Kletten)

ca 09.30: Fruktstund og samling.  Vi må ha beskjed om barn kjem seinare enn dette
ca 10.00: Småbarnsavdelinga er ute på føremiddagen og har inneaktivitetar etter soving og fram til frukt
ca 11.15: Måltid
12.00: Soving/kvile.  Leik/aktivitetar
14.00: Frukt og knekkebrød/skive
ca 14.30: Bleieskift og uteliv (kan endre seg i høve årstid og ver)
16.30:  Barnehagen stenger

Storbarnsgruppa (Dokka)

08.30: Dei som har utedag begynner å gjere seg klare
09.00: Fruktstund, samling og planlagte aktivitetar
11.30: Måltid inne eller ute
12.30: Soving/kvile for dei som treng det.  Leik/aktivitetar
14.30: Frukt og knekkebrød/skive
ca 15.00: Bleieskift og uteliv (kan endre seg i høve årstid og ver)
16.30: Barnehagen stenger

Levering og henting

Når du leverer eller hentar barnet, må du hugse å seie frå til ein i personalgruppa. 
Gi beskjed til barnehagen dersom nokon andre enn foreldra skal hente barnet. 

Måltid

Barnehagen serverer frukost, lunsj og frukt.  
 

Matpengar

100% plass:  kr 380,- pr mnd 
80% plass:    kr 304,- pr mnd 
60% plass:    kr 228,- pr mnd 
40% plass:    kr 152,- pr mnd 

Ofte stilte spørsmål

Artikkelliste