Presentasjon og praktisk informasjon

Barnehagen sitt samfunnsmandat er å tilby barn under opplæringspliktig alder eit omsorgs- og læringsmiljø som er til det beste for barnet. Den skal både vere ei pedagogisk verksemd og eit velferdstilbod for småbarnsforeldre. Barnehagen skal støtte og ta omsyn til det einskilde barn, samstundes som omsynet til fellesskapet skal takast i vare.

Opningstider

Gjelsvik barnehage er open 47 veker i året. Barnehagen er stengt i romjula, yrkedagane i påskeveka og tre veker om sommaren. Den daglege opningstida er 07.15 til 16.30. 

Dagsrytme

07.15               Barnehagen opnar
07.30 - 08.00   Frukost på avdelingane
08.00               Inneleik
09.30               Samlingsstund
                        Gruppeaktivitet ute eller inne
11.00               Måltid
11.30               Kvilestund/rolege aktivitetar inne
13.30               Fruktmåltid
14.00               Uteleik
16.15               Barnehagen stenger

Levering og henting

Vi ønskjer å få melding dersom barnet vert levert etter kl. 09.30.  Når du leverer eller hentar barnet, må du hugse å seie frå til ein i personalgruppa. 
Gi beskjed til barnehagen dersom nokon andre enn foreldra skal hente barnet. 

Måltid

Barnehagen serverer frukost, lunsj og frukt.  
 

Matpengar

100% plass:  kr 400,- pr mnd 
80% plass:    kr 320,- pr mnd 
60% plass:    kr 240,- pr mnd 
40% plass:    kr 160,- pr mnd 

Sjuke barn

Barn som går i barnehagen er meir utsett for infeksjonar enn andre barn. Vanlegvis bli barnets allmenntilstand avgjerande for om barnet bør vere heime frå barnehagen. Ved enkelte sjukdommar kan det vere nødvendig å vere heime for å hindre spreiing av smitte til andre. Dersom barnet har hatt diaré/ oppkast skal det vere heime i 48 timar etter siste utbrot. Vi følgjer retningslinjene til Folkehelseinstituttet.

Ofte stilte spørsmål
 

Artikkelliste