Tilrettelagt transport / dør til dør-kort

Har du ei funksjonshemming som fører til at du ikkje kan nytte kollektiv transport, så kan du søkje Vestland fylkeskommune om TT-kort / dør til dør-kort.

Tilrettelagt transportordning for personar med funksjonshemming.

TT står for tilrettelagt transport, og vert òg kalla for dør til dør-kort. Dette er ei ordning for personar med funksjonshemming, og som ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet. Tilbodet er tilrettelagt transport med drosje eller spesialbil. Ordninga skal ikkje erstatte eit dårleg eller manglande kollektivtilbod.

Korleis kan du søkje?

Du må nytte søknadsskjema, og legge ved legeerklæring for å søkje. Du fyller sjølv ut søknadsskjemaet, og det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte kollektiv transport. Legeerklæringa skal fyllast ut og underteiknast av lege, og begge skjema må være fyllt ut for at Fylkeskommunen skal kunne handsame søknaden din.

Sjå her for meir informasjon.
 

Søknadsskjema


Legeerklæring

 

Søknaden skal du sende til:
 

Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen

Informasjon

Søknadar om TT-kort har i lengre tid blitt handsama i kommunen, men dette er no overført til Vestland fylkeskommune. Kommunen kan være til hjelp dersom du har spørsmål, eller du kan ringe Fylkeskommunen sin eigen kontakttelefon:
 

Kontakt TT-kort: tlf. 55 23 93 63 (telefontid på kvardagar mellom kl. 9.00 og 11.00).
 

Du kan òg sende e-post til: post.mok@vlfk.no 

Håvard Yndestad
Sosialkonsulent
E-post
Telefon 57 73 45 13
Mobil 91 13 59 69
Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00