Renovasjon og slam

Renovasjon og slamtømming i Askvoll vert utført av Sunnfjord Miljøverk (SUM)

Frå 1.januar 2021 har Sunnfjord Miljøverk (SUM) tatt over faktureringa av renovasjonsgebyret samt gebyret for private septiktankar/minireinseanlegg/slam. Dei som er tilknytt kommunalt kloakkanlegg vil framleis få faktura frå kommunen.

Renovasjonsrutekalender

Hushaldningane skal sortere avfall i papiravfall som vert henta ein gong per månad og restavfall som vert henta ein gong per veke.

Gjenbrukstasjonen

Gjenbruksstasjonen i Olsetvikane er open kvar måndag klokka 12.00-18.00 (12.15-18.00 så lenge arbeidet med Dalsfjordvegen pågår).
Her kan hushaldningane levere papp/papir, kvitevararer, stålskrap, treverk o.l.
Glas kan leverast til glasigloar som er sett ut ved gjenvinningsstasjonen, Stubhaug & Co Landhandel, Askvoll ferjekai og Atløy ferjekai. Klart og farga glas og metallboksar kan no blandast i glasigloane til SUM.
 

Satsar for renovasjon og slam


Bestille avfallsbehaldar

Ta kontakt med SUM om du ønskjer utlevering av avfallsbehaldar. Det er krav om ferdigattest/bruksløyve før det vert utlevert avfallsbehaldar.

sum@sum.sf.no

telefon 57 72 41 50
 

Farleg avfall - spesialavfall

Ordning knytt til farleg avfall/spesialavfall finn du her:

Sunnfjord Miljøverk: farleg avfall

Sunnfjord Miljøverk: henterunde farleg avfall


Kildesortering og gjenvinning

På nettsida sortere.no finn du svar på kva som skal sorterast kor der du bur, praktiske tips til sorteringa, tips til korleis du kan gjenbruke og kaste mindre, samt informasjon om kva merka på emballasjen betyr. 

Her finn du nettsida www.sortere.no

Gjenvinningsstasjon i Askvoll

Sjå kart på SUM sine heimesider for kvar i kommunen det er gjenvinningsstasjon i Askvoll

Teknisk drift
E-post
Telefon 57 73 07 30
Per Jan Ryland
Teknisk sjef
E-post
Telefon 57 73 07 32