Registrering av flyktningar

Som flyktning må du både registrere deg hjå politiet og kommunen.

Registrering hos politiet

Det er politiet som har ansvar for registrering av flyktningar (søknad om beskyttelse (asyl)). Det er nøkkelen til å få rett til helsehjelp, økonomisk støtte, mottak/akuttinnkvartering, barnehage, skule, språkopplæring og busetting i kommunane.

Normalt skjer all registrering av flyktningar på Nasjonalt ankomstsenter ved Råde (NAS). Difor må t.d. bussar som hentar flyktningar på eige initiativ sluse dei inn i landet den vegen.

Vest politidistrikt kan registrere asylsøknader til ukrainarar som allereie er komne til fylket. Det skjer på Thon Hotel Bergen Airport (Kokstad).
I tillegg er det ordna slik at personar utan overnattingsstad kan innkvarterast ved hotell Scandic Kokstad.

Du kan registre deg ved Førde politistasjon. Då må du først møte på Førde politistasjon for ei preregistrering og få ein timeavtale for sjølve registreringa.  Registreringa må skje på dagtid mandag til fredag 09:00-15:00. I Førde er det ikkje tilbod om innkvartering i samband med registreringa. Flyktningar som ikkje har ordna eigen/privat innkvartering må reise til Scandic Kokstad i Bergen for å registrere seg der.

Informasjon om registrering i Vest politidistrikt

Registrering hos kommunen

Etter du har registrert deg hos politiet, må du registrere deg hos Askvoll kommune. Dette skal du gjere ved å kontakte Christoffer Stølen på telefon 45872354 eller Maren Grytøyra på telefon 91164472

Christoffer Stølen
Flyktningkonsulent
Flyktningtenesta
E-post
Mobil 45 87 23 54
Maren Grytøyra
Flyktningkonsulent
Flyktningtenesta
E-post
Telefon 91 16 44 72