Breibandsutbygging i Askvoll kommune

Velnemndene i Askvoll og Askvoll kommune har jobba i mange år for å få breiband til innbyggjarane og det gjenstår no berre nokre få områder i Askvoll kommune.

Askvoll kommune har søkt NKOM og Vestland Fylkeskommune om midlar og fått innvilga støtte til fylgjande områder:

Førdefjorden

Grendene inst i Førdefjorden Løvik, Rørvik og Hestvik står no for tur. Utbygging er venta å starte vår 2024.
Førdefjorden Vel har gått rundt med underskriftslister til alle husstandar. Dersom du ikkje har hatt høve å skrive deg på enda så ta kontakt, så under for kontaktinfo. 

Informasjonsskriv til bygdene Løvik, Rørvik og Hestvik kan du lese her. (PDF, 84 kB)

Eimind - Follevåg, Grimelia og Holevik - Stubseid

Desse grendene er dei siste utan breibandstilbod i Askvoll kommune.  Prosjekta er ute på anbod (status febr. 24) og det er Vestland fylkeskommune som har ansvar for anbodskonkurransen. 
Vi vonar på gode tilbod frå leverandørar, med snarleg oppstart slik at ein kan levere breiband i 2024.

Informasjonsskriv til grendene Eimind, Follevåg, Holevik til Stubseid og Grimelia kan du lese her.  (DOCX, 14 kB)

Nokon frå grenda / velnemnda vil kome rundt med underskriftslister som ein kan skrive seg på. Lista vil vere bindande. 

Dersom du bur/ eller har fritidsbustad  i området (og ikkje er tilstades når listene kjem forbi) og ynskjer å skrive deg på bindande interesselister så kan du sende ein epost til postmottak@askvoll.kommune.no med informasjon om namn, gards- og bruksnummer og at du ynskjer å vere med på breibandsprosjekt. 

Meir informasjon om prosjekta kjem etterkvart. 

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11