Starte ny bedrift

Har du gode idear eller prosjekt som kan gje arbeidsplassar, vekst og utvikling i Askvoll kommune? 

Næringspolitikk i Askvoll

Eit variert og robust næringsliv er avgjerande for at det skal være attraktivt å bu i Askvoll, og såleis viktig for framtida til kommunen. Les meir om mål og strategiar for næringsutviklinga i Askvoll i samfunnsdelen av kommuneplanen.

Askvoll kommune ønskjer å være ein næringsvennleg kommune og vil vite meir om korleis kommunen kan involvere næringslivet i planarbeid, hjelpe verksemdene i lokale saker og få betre kjennskap til bedriftene sine utfordringar og behov. Dette er svært viktig for næringsutviklinga i kommunen og vil kunne gjere det enklare å fremje viktige saker overfor fylke og stat. Kommunen ynskjer òg gjerne å være diskusjonspartnar for spørsmål om det å investere og drive verksemd i Askvoll kommune.

Førstelinetenesta

Førstelinetenesta er første kontaktpunkt for gründerar og etablert næringsliv og kommunen tilbyr mellom anna rådgjeving og er kontaktledd for næringslivet inn mot det offentlege verkemiddelapparatet.

  • Rådgjeving og hjelp for gründerar og ny-etablerte.
  • Kontaktperson for anna næringsliv:
    • Rådgjeving og kontakt med finansieringsinstitusjonar, verkemiddelapparatet og kompetansemiljø
    • Stimulere til nettverks- og kompetanseoppbygging lokalt og regionalt. Bistå i arbeidet med å finne eigna lokale og næringsareal. 

Starte bedrift?

Førstelinetenesta i kommunen vil gjerne gje deg som nyetablert støtte på ulike trinn i etableringsprosessen. Vi kan mellom anna hjelpe deg med: 

  • Informasjon om søknad om tilskot frå  næringsfondet
  • Oversikt over andre støtteordningar og hjelp til å finne fram til rett ordning og kontaktperson
  • Rettleiing i søknadsprosessen og ved utforming av forretningsplan
  • Hjelp til å finne eigna næringslokale og næringsareal
  • Formidle kontakt og delta på møter for å bidra til framdrift

Finansiering og tilskotsordningar

Kommunen forvaltar eit lokalt næringsfond og støtte frå fondet skal bidra til å styrke og utvide lokalt næringsliv og arbeidsmarknad, samt gjere Askvoll kommune til ein meir attraktiv kommune å bu og arbeide i. 

Driftig er ein informasjonskanal for gründerar, idèskaparar og entreprenørar i Vestland. Føremålet til Driftig er å formidle nyttig informasjon til deg som ynskjer å starte eller vidareutvikle verksemd i Vestland og samtidig sette deg i kontakt med dei rette personane som kan hjelpe til på vegen.

Kunnskapsparken Vestland er eit regionalt innovasjonsselskap som arbeidar for å fremme vekst og utvikling i fylket. Dei har kontor i Førde, Stryn, Nordfjordeid og Sogndal. Kunnskapsparken er knytt til fleire forskings-, utviklings- og gründermiljø og kan hjelpe gründerar og oppstartsbedrifter med å kome seg frå idé til kommersialisering. Kunnskapsparken bidrar òg til å vidareutvikle eksisterande- og nytt næringsliv og har erfaring med å finne finansieringsmoglegheiter og investorar, både via eige fond og Connect Vest.  

Kurs og nettverk 

Både Kunnskapsparken Vestland, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge tilbyr ulike kurs. Dei fleste er gratis og kan tilpassast dine behov. 

Skatteetaten held kurs for nye næringsdrivande og du kan velje mellom kurs ofr einskildpersonføretak (ENK) eller aksjeselskap (AS) med fleire ulike tema. 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75