Kulturminne

Kulturminner er ifylgje kulturminnelova alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljø.
Kulturminne kan mellom anna vere hus, industribygg eller fartøyer. 

Kommunalt tilskot til kulturminne

Askvoll kommune har ei tilskotsordning som gjev støtte til lokalt kulturminnearbeid. I Kulturminneplanen er det lagt føringar for at delar av ramma for ordninga skal øyremerkast som ein fast, årleg driftsstøtte etter søknad til bygdemusea i kommunen.

Søknadsfrist for driftstilskot til bygdemusea er 15. februar kvart år. Søknadsfristen for tilskot til formidlingsprosjekt og tiltak som restaurering , vedlikehald og bevaring av kulturminner var 31. oktober 2023. 

Søknadsrunde for ordinære kulturminnemidlar for 2024 vert opna etter sommaren 2024.

Trykk her for å søke om kulturminnemidlar

 

Kulturminneplan for Askvoll kommune


Askvoll kommune har ein kulturminneplan som vart vedteke av kommunestyre i møte 18.09.2019.

Kulturminneplanen skal vere eit verktøy for forvaltninga av kulturminna i Askvoll kommune. Den vil vere eit hjelpemiddel til å prioritere mellom dei mange forskjellige kulturminne vi har frå ulike historiske periodar. Ei anna viktig side ved planen er å kartlegge og formidle kunnskap om kulturminna våre.

Planen legg opp til at einskildpersonar, organisasjonar og andre som jobbar med kulturminne i Askvoll kommune, lettare skal få tilgang til støtteordningar og midlar. Å vere nemnt i planen vil vere ein fordel til dømes i søknadsprosessar opp mot Kulturminnefondet og andre tilskotsordningar. Kulturminnefondet finn du her.

Prioriterte område i gjeldande kulturminneplan er fortidsminne, bygningar og industrihistoria.

Kulturminnesøk

Kulturminnesøk er Riksantikvaren sin nettportal for formidling av kulturminner. Den viser informasjon om over 150.000 kulturminner registrert i databasen. Du finn kartplasseringar og omtala av kulturminna. Har du informasjon om eit kulturminne, kan du bidra med å leggje til kommentarar, laste opp bilete, leggje til video eller lenke. Du kan òg registrere eigen kulturminne.

Søk etter kulturminne på Kulturminnesøk.no

Rettleiing for bruk av Kulturminnesøk.no 
 

Vestland Fylkeskommune og kulturarv

Vestland fylkeskommune skal bidra til å forvalte den nasjonale og regionale kulturarven vår i eit langsiktig perspektiv. Ulike tilskotsordningar er ein viktig del av fylkeskommunen sitt arbeid med kulturarv og kulturminne. Fylkeskommunen bidrar òg med råd og rettleiing.

På vestlandfylke.no finn du oversikt over tilskotsordningar og råd og rettleiinga for tenesteområdet.

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11