Turforslag og kart

I Askvoll kommune er det ei rekkje merka turstiar og vegar som vert nytta til turar og rekreasjon

Kystarven

Kystarvprosjektet er eit felles HAFS-prosjekt som har gått ut på å merke, rydde og skilte 20 turstiar i kvar HAFS-kommune - 100 stiar totalt. Fleire av stiane går langs kulturlandskap som fortel ei særskilt historie om kystlandskapet vårt og om dei endringane som har vore i menneska sin bruk av landskapet. Gjennom Kystarvprosjektet ynskjer kommunane å ta vare på kystlandskapet gjennom ein berekraftig bruk, og å betre tilgangen til naturopplevingar for både lokale og tilreisande.

I samarbeid med grunneigarar og frivillige lag og organisasjonar har Askvoll kommune merka 20 turstiar og utarbeidd eit kommunalt turkart. Stiane / turvegane er merka etter retningslinjene for «Nasjonal standard for merking av turløyper». Turane varierer frå topptur på den høgste fjelltoppen i Ytre Sunnfjord, Blegja (1305m.), til rundturar langs sjøen i flott kystlandskap.  
 

Kor kan eg få tak i turkart?  

Det er kommuneadministrasjonen som står for sal og distribusjon av kartet. Vi sel kartet på rådhuset til kr. 90. I tillegg er kartet til sals på utvalde butikkar i kommunen og på Askvoll Fjordhotell.
Turkartet inneheld ei skildring av kvar enkelt tur og generell informasjon om kommunen.


Kulturvandringsløype

I Askvoll kommune finst det to kulturvandringsløyper som formidlar historie gjennom video- og lydforteljingar. Ved hjelp av mobiltelefonen din laster du ned fortellingane undervegs i løypa. Kvart stoppunkt er markert med eit lite skilt.

Askvoll sentrum: Ei reise i Anders Askevolds motiv 
startpunkt: sentrumshamna i Askvoll sentrum ved Bøparken. 

Stongfjorden: Industrihistorisk kulurvandringsløype
startpunkt: Stongfjorden sentrum.  
 

Kulturvandringsløypene er eit tiltak frå Visit Fjordkysten, som er destinasjonsselskapet for kystkommunane Askvoll,  Fjaler, Hyllestad, Kinn og Solund. Fjordkysten har utvikla nettsida www.kulturvandring.no med historiar knytt til ni kulturvandringsløyper i kystkommunane. Prosjektet er støtta av Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Det vert jobba med ei ny kulturvandringsløype i Holmedal. 

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11