Turforslag og kart

Askvoll er ein kommune med mange moglegheiter for tur og friluftsliv. Her finn du eit stort utval av merka turstiar, fjellturar, kystturar og turmål – frå enkle rusleturar langs sjøen til krevjande fjellturar med storslått utsikt.

Alle bygdene i Askvoll har fine turmoglegheiter, og du kan finne turar i både fjord- og fjellandskap, på øyane og langs kysten. Mange av turane er merka og tilrettelagde gjennom lokale initiativ og samarbeid med frivillige.

UT.no finn du kart, turforslag og informasjon om mange av turane i Askvoll kommune.
Det er ei DNT-hytte i kommunen, Nipebu og ei dagsturhytte ved nyksvatnet. Trykk på lenkene for å finne ut meir om dei. 

Stikk UT! og Stolpejakta

Gjennom året kan du delta i ulike turaktivitetar som gjer det enkelt å oppdage nye stader i kommunen.

Stikk UT! tilbyr turmål både i sommar- og vintersesongen, og gir inspirasjon til å bli kjend med nye turområde.

Stolpejakta gir deg høve til å kombinere tur og aktivitet med å finne stolpar rundt om i bygdene.

Både Stikk UT! og Stolpejakta fins fleire stader i kommunen, slik at du kan utforske ulike delar av Askvoll – anten du bur her eller er på besøk.


Kulturvandringsløype

I Askvoll kommune fins det to kulturvandringsløyper som formidlar historie gjennom video- og lydforteljingar. Ved hjelp av mobiltelefonen din laster du ned forteljingane undervegs i løypa. Kvart stoppepunkt er markert med eit lite skilt.

Askvoll sentrum: Ei reise i Anders Askevolds motiv 
startpunkt: sentrumshamna i Askvoll sentrum ved Bøparken. 

Stongfjorden: Industrihistorisk kulturvandringsløype
startpunkt: Stongfjorden sentrum.  
 

Kulturvandringsløypene er eit tiltak med historiar knytt til ni kulturvandringsløyper i kystkommunane i området. 

Artikkelliste

Helene Norstrand
Rådgjevar
Telefon 57 73 07 11