Stolpejakten og TiTur Dalsfjorden startar laurdag 11. april!

Laurdag 11. april går startskotet for Stolpejakten og TiTur Dalsfjorden – ein perfekt start på tursesongen med aktivitet og naturopplevingar for alle.

Stolpejakten – 224 stolpar fordelt på 6 kart

I år er Stolpejakten større enn nokon gong, med heile 224 stolpar fordelte på seks kart i Askvoll og Fjaler. 

Løypene er varierte og familievennlege – frå sentrumsnære turar til naturskjønne rundløyper. Stolpane er mellom anna plasserte i Kvammen, Stongfjorden, Askvoll, Holmedal, Rivedal, Atløy, Værlandet, Bulandet, Dale, Haugland og Ytre Fjaler.

Kartfordelinga i år er:
•    Dale og Haugland – 23 stolpar 
•    Straumsneset, Fredensborg og Ytre Fjaler – 43 stolpar 
•    Atløy – 43 stolpar 
•    Værlandet og Bulandet – 30 stolpar 
•    Kvammen, Stongfjorden og Askvoll – 34 stolpar 
•    Rivedal og Holmedal – 33 stolpar 

Stolpejakten er gratis og open for alle, og passar for både barn, unge og vaksne. Nokre stolpar er lette å nå, medan andre gir litt meir utfordring. I fjor deltok over 1300 stolpejegerar i Askvoll og Fjaler. Stolpejakten varer til og med 11. oktober.

Stolpane har ulike vanskegradar:
Grøn – svært enkel (tilgjengeleg for alle)
Blå – enkel
Raud – middels krevjande
Svart – mest krevjande

Det vert også premiering etter sesongen, med trekking av gåvekort blant deltakarar, premie til dei mest aktive stolpejegerane og eigne premiar til dei som fullfører alle stolpane i begge kommunane.

For å delta registrerer du deg på stolpejakten.no eller i Stolpejakten-appen, der du kan registrere stolpar, utforske kart og følgje progresjonen din. 

👉 Les meir, følg statistikk og topplister og last ned appen her. 
 

TiTur Dalsfjorden – 10-årsjubileum i 2026

TiTur Dalsfjorden feirar 10-årsjubileum i år og inviterer til nye turmål og flotte naturopplevingar i både Askvoll og Fjaler. 

Frå 11. april til 11. oktober kan du besøke ti utvalde turmål:

Askvoll:
•    Bjergastølen 
•    Skylefjellet 
•    Veten på Atløy 
•    Straumsåsen 
•    Kalderasnipene 

Fjaler:
•    Hellevikåsen 
•    Kallastølsfjellet / Kalvhagstølfjellet 
•    Storlifjellet 
•    Nordre Klibberdalsfjellet 
•    Taket 

Alle som fullfører får premie, og er med i trekkinga av tre gåvekort à 1000 kroner.

Du kan registrere turane i UT-appen (SjekkUT) eller ved å skrive deg inn i turbøkene på toppane. Vi oppmodar om å bruke UT.no for turbeskrivingar og eventuelle GPS-spor. Søk opp «TiTur Dalsfjorden 2026» eller følg lista her i appen – då finn du ho att under Huskelister → Lister eg følgjer. Hugs å «sjekke inn» når du når innsjekkingspunkta.

Deltakarpremiar vert delte ut fortløpande ved innlevering av fullstendig utfylt turkort. Alle må ha sitt eige turkort, og det kan berre leverast eitt kort per person.

Turkort må leverast innan 25. oktober.

God TiTur og god stolpejakt!

 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75