Hukommelsesteamet i Askvoll

Helse- og omsorgsetaten har tilbod retta mot pårørande eller andre som kjenner seg knytt til personar med demens. Det vert jobba for å kome pasientane sine behov i møte, gje meir kunnskap om demenssjukdommar, og å betre kvaliteten på samveret med personar som er råka av demens.

Kven er vi?

Hukommelsesteamet består av spesialsjukepleiar, ergoterapeut og lege. Dersom du sjølv eller nokon du kjenner har problem med hukommelse, kan du ta direkte kontakt med ein av oss:

  • Spesialsjukepleiar Silje Mjåseth: 90850270
  • Ergoterapeut Glenn André Lammetun Vilnes: 94803424
  • Lege Siv Tønder: 57734600

Fastlege og heimesjukepleien kan òg henvise til hukommelsesteamet.

Korleis kan vi hjelpe?

Vi tilbyr:

  • Heimebesøk med samtale og kartlegging av hukommelse og funksjon.
  • Råd, rettleiing og informasjon knytt til demenssjukdommen.
  • Oppfølging av ein fast kontaktperson.
  • Kartlegging av behov for tenester og hjelpemiddel..
  • Råd og rettleiing til helsepersonell.

Hukommelsesteamet har eit tett samarbeid med legane, både i utgreiingsfasen og etter at ei eventuell demensdiagnose er stilt.

Målsetjinga til hukommelsesteamet.

Vi ynskjer å jobbe for at personar med demens og deira pårørande skal få ein betre kvardag:

  • Personar med demens skal få trygge og tilpassa tenester gjennom heile sjukdomsforløpet, av tenesteytarar med god kunnskap og kompetanse om demens, og kjennskap til den einskilde si historie.
  • Tidleg utgreiing og tett oppfølging etter diagnose.
  • Personar med demens skal få aktive og meiningsfulle dagar som kan vere med på å førebygge og utsetje følgjene av demenssjukdommen.
  • Pårørande til personar med demens skal få støtte, avlasting og kunnskap om demens, slik at dei kan meistre oppgåva som pårørande på ein god måte.

Tidlege teikn på demens:

Det er ulike teikn som kan kome til syne i starten av ein demenssjukdom. Symptoma vil ikkje vere like synlege heile tida, og dei kan variere frå person til person.

Tidlege teikn på demens kan vere:

  • Nedsett hukommelse, spesielt for nyare hendingar
  • Problem med å planlegge, løyse og fullføre vanlege oppgåver
  • Språkvanskar
  • Forvirring om tid og stad
  • Redusert dømmekraft
  • Utfordringar med å følgje opp økonomiske forhold
  • Feilplassering av gjenstandar
  • Endring i humør og personlegdom
  • Endra veremåte
  • Tap av initiativ og engasjement, både for aktivitetar og mennesker

(Kjelde: Aldring og helse)

Kvifor er demensutgreiing viktig?

  • For å kunne skilje demens frå normal aldring og andre sjukdommar som liknar på demens.
  • For å sikre riktig behandling, og vurdere medikamentell behandling.
  • For å setje i verk riktige tiltak ovanfor brukar og pårørande.
  • For å tilrettelegge heimesituasjonan, for at vedkommande kan bu heime så lenge som mogleg.

Du kan søkje om helse- og omsorgstenester.

Om du ynskjer å søkje om helse- og omsorgstenester kan du gjere det ved å fylle ut søknadsskjema:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)