Opplærings- og rettleiingstiltak.
Ei rekke ulike opplærings- og rettleiingstiltak kan vere aktuelle. Det kan vere opplæring og rettleiing knytt til den som har hjelpebehovet sin sjukdom eller funksjonsnedsetting, til dømes opplæring i regulering av diabetes, eller i kva ei demensdiagnose innber, eller det kan vere opplæring i utføring av særskilte arbeidsoppgåver.
Vurderingar.
I høve til behov for opplærings- og rettleiingstiltak skal kommunen vurdere om den pårørande vert i stand til å ta i vare pasienten eller brukaren på ein forsvarleg måte. Det skal òg vurderast om tiltaka vil gjere den pårørande i stand til å ta i vare eigen helse- og livssituasjon, samt å handtere rolla som både pårørande og omsorgsytar. Før slike vurderingar vert gjort, og det vert fatta vedtak, kjem ein sakshandsamar til å gjere ei kartlegging av situasjonen.
Kommunen og sjukehus si plikt til opplæring og rettleiing.
Kommunen si rettleiingsplikt skal sjåast i samanheng med sjukehusa si plikt til å gje opplæring og rettleiing til pasientar og pårørande. I dei tilfella der pasienten eller brukaren tek imot helse- og omsorgstenester både frå kommunen og spesialisthelsetenesta, bør det avklarast i ein individuell plan kven som skal ha ansvar for ulike opplærings- og rettleiingstiltak.
Meir om individuell plan.
Slik søkjer du:
Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
Søk om helse- og omsorgstenester
Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.
Papirsøknaden sender du til:
Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)