Individuell plan og koordinator

Om du har behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeida ein individuell plan. Planen skal sikre gode målsetjingar og koordinering av tenestene og tiltaka dine.

Individuell plan.

Planen er eit verkty og ein metode for samarbeid og samhandling mellom deg og dei ulike hjelparane. Planen skal vise dine mål og ynskjer for i dag, og for framtida. Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett på å få utarbeidd individuell plan. 

Visma Flyt Samspill - eit digitalt samhandlingsverkty.

Askvoll kommune nyttar Visma Flyt Samspill for arbeid med individuell plan. Gjennom ein nettlesar og med personleg innlogging, vil du kunne ha lett tilgang til din individuelle plan.

Les meir om Visma Flyt Samspill her

Koordinator.

Ein koordinator skal syte for naudsynt oppfølging av den enkelte pasient eller brukar. Koordinatoren skal òg sikre samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med individuell plan. Ved behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester kan du få innvilga ein koordinator uavhengig av om du ynskjer individuell plan eller ikkje.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Informasjon:

  • Søknaden vert vurdert ut frå ditt behov for helse- og omsorgstenester.
  • Individuell plan er eit verkty, og gjev ikkje ein sjølvstendig rett til tenester.
  • Får du individuell plan har du rett på eiga ansvarsgruppe. Ansvarsgruppa består av kontaktpersonar frå dei ulike tenestene du har, og du må sjølv samtykke til kven som skal delta i di ansvarsgruppe.
  • Du må sjølv delta på ansvarsgruppemøter og i utforminga av din individuelle plan.