Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Vaksenopplæringa har tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar

Om rett og plikt til opplæring

Innvandrarar med opphaldsløyve etter 01.01.12 har rett og plikt til opplæring i minimum 600 timar. Av desse timane skal 50 timar vere samfunnsfag.

Meir om rett og plikt til norskopplæring finn du hos Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI)

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve. Dette inkluderer:

asylantar

overføringsflyktningar

arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira

personar med opphald på humanitært grunnlag og familiegjenforeinte til desse

familiegjenforeinte med norsk eller nordisk borgar busett i Noreg


Pris for tenesta

Tenesta er gratis for personar mellom 16-55 år som har opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, bortsett frå for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Dei må betale for opplæringa - f.t. kr. 60,- pr time.

 

Prisar på prøver:

Samfunnskunnskapsprøve og statsborgarprøva: Kr 600,- pr stk.

Norsk skriftleg: Delprøve kr. 500,-  Alle tre prøvene samstundes kr. 1.000,-

 

 Send søknad om opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Oddgun Keilegavlen Grane
Rektor
Askvoll skule
E-post
Telefon 57 73 33 02
Mobil 97 40 50 28