Tidlegrøysting

Frå 3. juli til 9. august kan du tidlegrøyste i kva som helst kommune, dersom du ikkje har moglegheit til å røyste i førehandsrøysteperioden eller på valdagen.

Avtale tid for røysting

I Askvoll kommune kan du tidlegrøyste etter avtale på Askvoll rådhus på kvardagar frå 03. juli t.o.m. 9. august. 

Ring eller send e-post for å avtale

  • Tlfnr: 577 30 700 - Tasteval 1
  • e-post: postmottak@askvoll.kommune.no

Røystesetlar med kandidatnamn er ikkje er klare i store delar av tidlegrøysteperioden. Du kan difor berre røyste på parti, men ikkje gi personrøyst eller slengarrøyst.  Det er difor anbefalt å røyste i den ordinære førehandsrøysteperioden eller på valdagen om du har moglegheit til det. 

 

Hugs gyldig legitimasjon! 


Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for røystemottakar, får du ikkje røyste. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilete.