Manntal og røysterett

Sjekk om du står i manntalet

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunna røysta må du stå innført i manntalet.

Manntal for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 10. juli - 11. september på rådhuset i Askvoll. 

Kven har røysterett ved kommunestyre - og fylkestingsvalet

  • Norsk statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2023 og er, eller har vore registrert busett i Noreg
  • Statsborgarar i Danmark, Finland, Island eller Sverige, har fylt 18 år innan utgangen av 2023, og er registrert i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni 2023
  • Ikkje norske statsborgarar, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen og har fylt 18 år innan utgangen av 2023.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

Skal du flytte? 

Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst, men skal du stemme på valdagen må du stemme i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.

Flytter du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.

Klage på manntalet


Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve. Send kravet på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no