Detaljregulering for Atløysambandet – vedteken planendring

Formannskapet har vedteke mindre endring av detaljregulering for Atløysambandet.

I samsvar med plan- og bygningslova §12-14 vedtok formannskapet i møte 22.09.2025, sak FOR 089/25, mindre endring av detaljregulering for Atløysambandet.
Detaljreguleringa gjeld fastlandssamband mellom Atløy og Askvoll, og føremålet med planendringa er i hovudsak å gje meir fleksibilitet i utbygginga av vegsambandet. 
Sjå formannskapet sitt vedtak

Formannskapet sitt vedtak kan påklagast, jfr. plan- og bygningslova §§12-12 og 1-9 og kap. VI i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå kunngjeringa.

Eventuell klage må sendast til Askvoll kommune, Askvollvegen 426A, 6980 Askvoll, eller epost postmottak@askvoll.kommune.no.

Sjå vedteken reguleringsendring i kommunen sitt planregister arealplaner.no

Sjå fleire dokument i saka

Kjersti Sande Tveit
Plan- og miljøvernleiar
Bygg og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 08