Visit Askvoll

fotokollasj frå diverse stader i Askvoll kommune - bilde - Klikk for stort bilete

  

Askvoll kommune byr på mektige naturlopplevingar - frå fjord til øyra ytst i havgapet. Men òg for dei som er interessert i historie og kultur, er det mykje å velje mellom.
 

Nyttige lenkar med informasjon om aktivitetar, overnatting og anna informasjon i Askvoll kommune:  


Bulandet og Værlandet: typiske turiststader

I 2017 godkjende Statsforvaltaren Askvoll kommune sin søknad om Bulandet og Værlandet som typiske turiststader  

Statsforvaltaren sitt vedtak om at Bulandet og Værlandet vert godkjend som typiske turiststader inneber at grendane kan halde butikkar ope òg på søn- og helligdagar i sommarsesongen frå 1.juni til 31.august kvart år.

Med ein "typisk turiststad" er det i første rekkje meint mindre stader der salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar. Det inneber at det gjeld stader der dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på tilreisande/besøkjande. Ein typisk turistad er vidare kjenneteikna ved at dei næringsdrivande ofte er avhengig av turistsesongane, då kundegrunnlaget er for lite til at dei kan overleve av sal til fastbuande.

Av vedtaksbrevet går det fram at Statsforvaltaren meiner at daglegvarebutikkane både i Bulandet og Værlandet har dokumentert ei høgare omsetning i sommarmånadane enn det talet på fastbuande skulle tilseie. Tilsvarande har kommunen dokumentert at dei to øysamfunna har mange besøkjande turistar i juni, juli og august. "Vi meiner derfor det er godtgjort at salet frå daglegvarebutikkane i hovudsak skjer til turistar i sommarmånadane, og at turisthandelen er avgjerande for å kunne oppretthalde to velfungerande butikkar med godt vareutval i dei to øysamfunna."