Bli vår nye kollega!
Vi ønskjer å vere ein attraktiv, inkluderande og god arbeidsplass. Askvoll kommune har høg kompetanse blant våre tilsette, godt arbeidsmiljø og leverer gode tenester til innbyggarane.
For å levere tenester av høg kvalitet treng vi både gode leiarar og motiverte medarbeidarar. Vil du vere med å bidra til at Askvoll er ein god stad å leve, bu og arbeide?
Sjekk våre ledige stillingar om det er noko av interesse for deg:
Våre ledige stillingar finn du på nettstaden til Easycruit
Om å søke jobb i Askvoll kommune
Askvoll kommune har ikkje høve til å ta imot opne søknader, men ønskjer deg velkommen til å søke på alle utlyste stillingar. Ledige stillingar legg vi ut på Easycruit. I tillegg vert det sett inn annonse i lokalavisa og lagt ut på NAV.
Slik søker du på utlyste stillingar i Askvoll kommune
-
Registrer deg som brukar i Easycruit
-
Registrer CV og send søknad elektronisk.
-
Du kan legge inn CV-en din både frå fil og sosiale media.
Er du allereie registrert som brukar I Easycruit, loggar du deg inn med brukarnamn og passord. Du treng ikkje å registrere ny CV for kvar gang du søkjer ein jobb i Askvoll kommune. Du brukar den CV'en du har lagt inn i Easycruit og skriv ein kortfatta søknadstekst i tillegg. Du kan sjølv slette din CV når du ikkje lenger ønskjer å ha den liggande i CV-basen vår.
Askvoll kommune skifta søknadsportal 1. januar 2019
Du kan difor ikkje gjenbruke søknader og CV som var lagt inn i den gamle søknadsportalen.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om kven som søkjer kan bli gjort offentlege sjølv om nokon av dei har oppmoda om ikkje å bli førde opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil i så fall verte kontakta på førehand.
Politiattest
Ei rekkje stillingar krev at du viser fram politiattest før tiltreding. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søkjer, men før du tek til i stillinga. Arbeidsavtale vert skrive med atterhald om at tilfredsstillande politiattest kan visast fram før tiltreding i stillinga.
Du treng politiattest dersom du søkjer stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell som arbeider med born, utviklingshemma eller skal oppnemnast som representant for mindreårige asylsøkjarar, barnehage, skulefritidsordning og grunnskulen.
Du søkjer om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider eller sender inn søknadsskjema på papir til politiet. Du kan bruke tilsendt arbeidsavtale som dokumentasjon, eller vi sender deg ei stadfesting på føremålet med attesten. Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn 3 månader.
Om Askvoll
Askvoll ligg på kysten av Sogn og Fjordane, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har rundt 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband sørover til Bergen og nordover til Florø og Måløy, og bussamband til Førde og Dale. Køyretida med privatbil til Førde er omlag ein time. Næraste flyplass er Førde Lufthamn Bringeland (køyretid med privatbil om lag 40 minutter frå Askvoll). Internt i kommunen er øyane våre knytt til fastlandet med to ferjesamband.
Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.
.