Personvernerklæring for Instagram

Denne personvernerklæringa fortel korleis Askvoll kommune samlar inn og brukar personopplysningar frå Instagram. Målet er å gje deg overordna informasjon om behandlinga vår av personopplysningar.

Her finn du informasjon om kva personopplysningar vi samlar inn på våre Instagram-sider og oversikt over bruksvilkår som er gjeldande.

Vår behandling er i samsvar med  Personvernforordningen (GDPR), norsk lov av 15.juni 2018 nr.38 om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven).

Ansvarleg part

Askvoll kommune er ansvarleg part for den databehandlinga som er kravd for å kunne levere tenesta som er skildra i denne personvernerklæringa. Dette omfattar ikkje databehandling som gjeld såkalla "Site Insights", der vi delar ansvaret med Facebook Ireland Limited ("Instagram").

Hugs at bruk av vår side inneber ytterlegare handsaming av personopplysningane dine frå Instagram si side, som ikkje er avgrensa av det som skjer innanfor "Site-Insights". For dette viser vi til personvernerklæringa frå Facebook / Meta

Om vår side blir lenka til andre Instagram-sider eller online-innhald gjeld personvernerklæringa til desse tenestene.
Du kan kontakte oss på e-post;  postmottak@askvoll.kommune.no eller Personvernombod i SySIKT: personvernombod@sysikt.no

Generell databehandling

Slik kan du samhandle med andre på Instagram-side: 
•    poste ein kommentar på veggen
•    legge inn ein kommentar på ein post
•    like ein post
•    dele ein post

Ver merksam på at Instagram-sida er offentleg og andre kan sjå all informasjon. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre side-brukarar behandlar denne informasjonen. 

Dei opplysningane som blir lagra om deg er dei opplysningane som du legg att når du opprettar Instagram-konto saman med dei opplysningane du legg att når du besøker Instagram-sida vår. Dette gjeld både samhandlinga di på Instagram-sida vår og statistikk som blir generert av denne aktiviteten. Det er Instagram som handtera sletting av personopplysningar, sjå; https://about.instagram.com/safety

Analyse av bruk / Site-Insights

Saman med Instagram kan vi analysere korleis du brukar vår Instagram-side (Site-Insights).
Informasjonen som blir kravd av GDPR om behandling av data for Site-Insight finn du i Instagram si personvernerklæring; https://www.facebook.com/privacy/explanation
Innanfor konteksten av Site-Insight vil vi berre kunne motta anonymisert statistikk. Vi har ingen tilgang til personlege opplysningar som blir handtert av Instagram.

Endring av denne personvernerklæringa

Denne personvernerklæringa er oppretta dato 09.11.2023.
Utvikling av Instagram-sidene våre kan få verknad for måten vi handterer personopplysningar, og dette kan føre til endringar i personvernerklæringa.

Bruksvilkår for Instagram-sida vår

Instagram gir deg høve til å samhandle med andre. Du er inneforstått med at innhald posta av brukarar på Instagram-sidene våre ikkje nødvendigvis speglar våre haldningar. Vi forventar at du viser respekt for andre. 
Vi kan etter eige skjønn slette innhald som er støytande eller som ikkje stettar norsk lovgjevnad.

Sjå kommunen si generelle personvernerklæring for kva rettar du har etter GDPR.