Personvernerklæring for Facebook

Denne personvernerklæringa fortel korleis Askvoll kommune samlar inn og brukar personopplysningar frå Facebook. Målet er å gje deg overordna informasjon om behandlinga vår av personopplysningar.

Her finn du informasjon om kva personopplysningar vi samlar inn på våre Facebook-sider og oversikt over bruksvilkår som er gjeldande.

Vår behandling er i samsvar med  Personvernforordningen (GDPR), norsk lov av 15.juni 2018 nr.38 om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven).

Ansvarleg part

Askvoll kommune er ansvarleg part for den databehandlinga som er kravd for å kunne levere tenesta som er skildra i denne personvernerklæringa. Dette omfattar ikkje databehandling som gjeld såkalla "Site Insights", der vi delar ansvaret med Facebook Ireland Limited ("Facebook").

Hugs at bruk av vår side inneber ytterlegare handsaming av personopplysningane dine frå Facebook si side, som ikkje er avgrensa av det som skjer innanfor "Site-Insights". For dette viser vi til personvernerklæringa frå Facebook

Om vår side blir lenka til andre Facebook-sider eller online-innhald gjeld personvernerklæringa til desse tenestene.

Du kan kontakte oss på e-post;  postmottak@askvoll.kommune.no eller Personvernombod i SySIKT: personvernombod@sysikt.no

Generell databehandling

Slik kan du samhandle med andre på Facebook-side: 

  • poste ein kommentar på veggen
  • legge inn ein kommentar på ein post
  • like ein post
  • dele ein post

Ver merksam på at Facebook-sida er offentleg og andre kan sjå all informasjon. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre side-brukarar behandlar denne informasjonen. 

Dei opplysningane som blir lagra om deg er dei opplysningane som du legg att når du opprettar Facebook-konto saman med dei opplysningane du legg att når du besøker Facebook-sida vår. Dette gjeld både samhandlinga di på Facebook-sida vår og statistikk som blir generert av denne aktiviteten. Det er Facebook som handtera sletting av personopplysningar, sjå; https://www.facebook.com/privacy/explanation

Analyse av bruk / Site-Insights

Saman med Facebook kan vi analysere korleis du brukar vår Facebook-side (Site-Insights).

Informasjonen som blir kravd av GDPR om behandling av data for Site-Insight finn du i Facebook si personvernerklæring; 

Innanfor konteksten av Site-Insight vil vi berre kunne motta anonymisert statistikk. Vi har ingen tilgang til personlege opplysningar som blir handtert av Facebook.

Endring av denne personvernerklæringa

Denne personvernerklæringa er oppretta dato 01.11.2023.

Utvikling av Facebook-sidene våre kan få verknad for måten vi handterer personopplysningar, og dette kan føre til endringar i personvernerklæringa.

Bruksvilkår for Facebook-sida vår

Facebook gir deg høve til å samhandle med andre. Du er inneforstått med at innhald posta av brukarar på Facebook-sidene våre ikkje nødvendigvis speglar våre haldningar. Vi forventar at du viser respekt for andre. 

Vi kan etter eige skjønn slette innhald som er støytande eller som ikkje stettar norsk lovgjevnad.

Sjå kommunen si generelle personvernerklæring for kva rettar du har etter GDPR.