Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2018-2021

Klatreparken på Øyra  - Klikk for stort bilete

I kommunestyret den 13.12.2017 vart kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2018-2021 endeleg vedtatt jf. KOM-sak 087/17.

Om kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivtet

Alle kommunar skal ha ein plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Anlegg som er oppført i kommundelplanen sin handlingsdel, er i posisjon til å søkje tilskot frå spelemidlar.

Denne planen er primært eit verktøy for å styre utbygginga av større og mindre anlegg for idrett og fysisk aktivitet (herunder anlegg for friluftsliv).

Planen skildrar korleis det står til med idretten i Askvoll kommune. Den skildrar også kva som er gjennomført av tidlegare prosjekter, og kva prioriteringar som gjeld i den kommande planperioden.

Planen vert revidert kvart 4. år og handlingsprogrammet vert rullert kvart år.

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivtet 2018-2021 (PDF, 2 MB)

 

Sist endra 15.12.2017 11:45

Kontakt

Kjetil Rørstad Nordvik

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post