Skøytedag 2026

Fredag 9. januar reiste heile skulen til Høyvikja for å stå på skøyter!

Først hadde vi to timar undervisning og lunsj på skulen. Så hoppa vi i bilane og køyrde avgarde til Høyvikja. Der var det laga til bål og sitjeplass med saueskinn til oss.  Alt låg til rette for ein kjekk dag på isen.  Og for ein dag det vart. Alle var einige om at dette måtte vi gjere igjen. Mykje meistring og glede.