Besøk frå Skogselskapet

Tysdag 13. januar fekk vi besøk av Ruben Bøtun, som hadde opplegg med oss. 

Først hadde 5. -7. klasse bålkurs. Dei lærte korleis ein skal bygge opp eit bål, og fekk ei fyrstikk til å tenne med. 7. klasse-gjengen hadde laga klart til gryte, som ein varma på bålet og serverte. Etter lunsj var det 2. -4. klasse sin tur. No var båla tente, så dei lærte mykje om tørr ved, sløkking av bål og fotosyntesen. “Høgt engasjement og nysgjerrige elevar, veldig moro”, var tilbakemeldinga frå Ruben! Tusen takk for besøket, dette var andre året på rad med besøk, så no vonar vi at dette er ein tradisjon. Uansett, velkommen tilbake