Voksenvaksinasjonsprogrammet

Voksenvaksinasjonsprogrammet inneber at alle som er 65 år og eldre, samt barn og voksne i risikogrupper får tilbud om vaksine mot korona og influensa. I tillegg får 65-åringar tilbud om vaksine mot pneumokokksjukdom.

Kvinne som får sett vaksine - bilete - Klikk for stort bileteBilete av Gustavo Fring frå Pexels

Stortinget har vedtatt å etablere eit voksenvaksinasjonsprogram som kom inn i “Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram” 1. juni -25.  Vaksinering i programmet vil starte hausten 2025.

Vaksinasjonsprogrammet betyr at:

  • Kommunen sørger for at dei anbefalte målgruppene får tilbud om vaksiner i programmet
  • Alle i målgruppene som bur eller midlertidig oppheld seg i Norge har rett til å bli vaksinert
  • Det er lettare å få erstatning ved antatte vaksineskader fordi det er egne reglar for bevisbyrde  ved behandling og erstatningskrav for vaksiner som vert sett i program

 

Målet med vaksinasjonsprogram er å førebygge sjukdom og dødsfall som følge av influensa, korona og pneumokokksjukdom.  For å sikre at så mange som mogeleg tar vaksine vil det blir sendt ut påminning til personar over 65 år som ikkje er vaksinert i følge programmet.

Informasjon om vaksinasjon i oktober 2025 med dato, stad og pris for vaksinasjon vil komme her på heimesida til kommunen så fort det er klart.

Meir informasjon om voksenvaksinasjonsprogrammet finns på FHI.no under Voksenvaksinasjon.