Vintervedlikehald - ledig brøyterode i Holmedal og på Atløy

Askvoll kommune vil ha inn pris på vintervedlikehald av rodane Holmedal og Atløy. Tilbodsfrist 21.10.25 kl. 12:00. 

Tilbodsgrunnlaget er sendt ut til firma som har sendt inn pris ved siste tilbodskonkurranse om vintervedlikehald av kommunale vegar.

I tillegg har kommunen sendt ut grunnlaget til firma som har stått for utføring av vintervedlikehald på kommunale brøyteroder via siste utlysing, men som ikkje utfører vintervedlikehald i dag på kommunale vegar. 

For å kunne gje pris på desse brøyterodane vert det stilt kvalifikasjonskrav der leverandøren skal vere registrert i eit føretaksregister, fagleg register eller i eit handelsregister i Norge. Det må leggast fram firmaattest. 

For å få tilgang til tilbodsgrunnlaget må du ta kontakt med Askvoll kommune som kan gje tilgang til tilbodsgrunnlaget via EU-Supply. Ber om at det vert teke kontakt 1 veke før innleveringsfristen. 
Frist for innlevering av tilbod er sett til tysdag 21.10.25 kl. 12:00

 

Per Jan Ryland
Overingeniør - Prosjektleiar VVA
E-post
Telefon 57 73 07 32