Velkomen til opning av Prestegarden rundt

Tysdag 22. september kl. 13.00 inviterer Askvoll kommune små og store til offisiell opning av den første delen av prosjektet Prestegarden rundt.

Den oppgraderte turvegen har fått eit fastare og jamnare underlag og ei ny bru ved Slettevollen. Dette gir ein tryggare og betre tilgjengeleg turveg som fleire kan bruke.

  • Tidspunkt: Tysdag 22. september kl. 13.00
  • Stad: Ved den nye brua ved Slettevollen i Askdalen
     

 

 

 

 

 

 

Det blir offisiell opning ved ordføraren og aktivitetar for små og store. Elevane i arbeidslivsfag på 9. trinn ved Askvoll skule er medarrangørar og stiller med gratis kaffi, saft, skillingsbollar og pizzabollar.

Mange har vore med på å realisere prosjektet gjennom støtte, samarbeid, fagarbeid og dugnad. Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, DNT, Gjensidigestiftelsen, Friluftsrådenes Landsforbund og Vestland fylkeskommune.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Velkomen!

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
Telefon 57 73 07 27