Veg til gravplassen i Gjelsvik

Oppdatering på veg til gravplassen i Gjelsvik

Helga 7-9 august gjekk det eit jordras som tok med seg delar av vegen til Gjelsvik gravplass. Geolog var raskt på staden, og det vart påvist ustabile jordmassar i skråninga vegen ligg på. Vegen vart stengt etter tilråding frå geologen. Kommunen har gjennomført prøvetaking av stabiliteten til skråninga, og er per byrjinga av november snart ferdig med prosjekteringa. Det er på det reine at skråninga vegen ligg på, har eit stort behov for stabiliserande massar, då hellinga er over 30 grader dei fleste stadane. 

 

 

 

 

 

 

 

Kommunen håpar at utbetringa kan gjennomførast dei nærmaste månadene. 

Kyrkja i Askvoll skal kontaktast når det gjeld gravferd. 

Knut Helge Olsen
Kommunalsjef samfunn og teknikk
Samfunn og teknikk
Telefon 57 73 07 26