Val av styremedlem for frivilligsentralen

No kan du nominere deg sjølv eller andre frå ein lokal frivillig organisasjon/lag til å vere medlem av styret for Askvoll frivilligsentral. Frist: innan 13.juli 2025.

Har du lyst til å påverke frivilligheita i Askvoll kommune? Har du innspel til korleis vi kan få fleire positive og førebyggjande tiltak i nærmiljøet? Ynskjer du å bidra til utvikling av sosiale møteplassar og leggje til rette for kulturelle tilbod?
No kan du nominere deg sjølv eller andre frå ein lokal frivillig organisasjon/lag til å vere medlem av styret for Askvoll frivilligsentral. Frist: innan 13.juli 2025.

Styret er rådgjevande organ for frivilligsentralen og har ansvaret for:

•    Å sjå til at sentralen vert drifta etter føremåla og etter gjeldande vedtekter og  retningslinjer.
•    Styret vedtar handlingsplan og tar stilling til satsingsområder og prioriteringar innanfor dei rammene som er gjeve, og støtte dagleg leiar i spørsmål av prinsipiell karakter.
•    Årsrapport og rekneskap i tråd med retningslinjer.

Styret er basert på frivillig innsats og har møter ca.2 gonger i året. Valperioden for styremedlemmar er 2 år. Vedtektene for Askvoll frivilligsentral er tilgjengeleg her.

 

Askvoll frivilligsentral er eit bindeledd mellom kommunen og frivilligheita. 

Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig innsats og at det er mangfaldige og opne møteplassar i kommunen. Frivilligsentralen er eit supplement til det frivillige organisasjonslivet i kommunen. 
Frivilligsentralen samarbeida og med andre etatar i kommunen om å løyse ulike utfordingar og leggje til rette for aktivitet og tilbod etter behov.


Du kan lese meir om Askvoll frivilligsentral si rolle/oppgåver her. 

Nominasjonen kan sendast inn, innan 13.juli til Vlada på e-post vladyslava.tsytsyurska@askvoll.kommune.no eller på SMS til 908 48 627.
 

Vladyslava Tsytsyurska
Leiar
Askvoll frivilligsentral
E-post
Telefon 57 73 46 22
Mobil 90 84 86 27