Tiltak mot lukt frå avløpsanlegg i Askvoll sentrum

Askvoll kommune arbeider med å finne varige løysingar for luktproblematikk knytt til kommunalt avløpsanlegg ved Korseberget og pumpestasjonen ved Presteelva.

Bakgrunn og status

Kommunen har engasjert rådgjevande ingeniørfirma til å gjennomføre målingar og vurdere årsak og moglege tiltak. Det ligg no føre ein fagrapport datert 27.11.2025, som dannar grunnlaget for vidare planlegging og gjennomføring av tiltak.

Rapporten peikar på at luktproblema i hovudsak er knytt til manglande lufting i slamavskiljar, noko som kan føre til opphoping av gass. Det har vore gjennomgang av rapporten, og i januar vart det halde møte med entreprenør for å avklare konkrete løysingar og framdrift. Konsulentselskap vil òg delta vidare med kvalitetssikring.

Kommunen har sidan november 2025 gjennomført målingar av kloakkgass og sett i verk mellombelse tiltak for å redusere lukt for berørte abonnentar.

Vidare arbeid og framdrift

Planlagt framdrift er at tiltak knytt til omarbeiding og lufting av slamavskiljar vert gjennomførte i perioden januar–februar–tidleg mars 2026. Løysingar for luktreinsing vert vurderte vidare, med mogleg gjennomføring i løpet av våren (april/mai). Framdrifta kan bli justert dersom vêr- og vinterforhold tilseier det.

Askvoll kommune beklagar dei ulempene luktproblematikken har medført, og arbeider for å få på plass gode og varige løysingar så raskt som mogleg.

Per Jan Ryland
Overingeniør - Prosjektleiar VVA
E-post
Telefon 57 73 07 32
Knut Helge Olsen
Kommunalsjef samfunn og teknikk
Samfunn og teknikk
E-post
Telefon 57 73 07 26